No er dei ca halvferdige med ombygginga av ein eldre driftsbygning. Dei har rundt 50 vinterfôra sau, og planlegg til ca 100. I haust flytta sauene inn i fyrste del av nyrenovert fjos. Her har det blitt lyst og triveleg for både to - og firbeinte, og ein mykje enklare kvardag for bonden. Frode vil fortelja om drifta og byggeprosessen så langt, og om planen vidare. 

Me er også så heldige å ha med oss veterinær Hildegunn Mugås. Ho vil snakka om Dyrevelferdsprogrammet for sau, som alle etterkvart må ta del i. Her skal me blant anna få vera med på korleis veterinærbesøket i programmet vert gjennomgått, og det vert sjølvsagt høve til å stilla spørsmål rundt programmet. 

Her vert det altså høve til triveleg drøs, litt fagleg påfyll, samt å sjå på ei god løysing for ombygging og utnytting av eksisterande driftsbygning. 

Det vert servert kaffi og noko lite å bita i. Det er ca 20 min frå Voss Sentrum til Jørdre, og me oppmodar om samkøyring dersom det høver. 

Vel møtt til ein hyggeleg kveld.