Fjosmøte på Bulken
Voss Sau og Geit i samarbeid med Nortura, inviterer til fjosmøte i det nye sauehuset til Liv Brørvik Vatne og Erik Lunde på Bulken.
Møtet vert halde
onsdag 8. november kl 19:00.
Sauehuset stod nytt vinteren 2023, så her får ein moglegheit for å sjå eit heilt nytt hus, og samstundes høyra erfaringane deira sålangt.
I tillegg vert det høve for litt fagleg input.
Rådgjevar i Nortura, Per Johan Lyse, vert med, og vil snakka om fylgjande tema:
- Haldvurdering
- Fôring
- Praktisk avl
Det vert enkel matservering og kaffi å få.
Det kan vera kaldt, så kle deg godt, og sjølvsagt ikkje i fjosdressen du brukar heima.
Vel møtt til ein triveleg haustkveld!