Det vert trening frå kl 18:00 kvar tysdag fram til påske, med unntak av veke 8, då hallen er stengt. Fyrste dag vert 2 januar 2024.

Treninga er i utgangspunktet meint som eigentrening, men dei fleste gongene vil det også vera instruktør til stades som kan rettleia og hjelpa ved behov. 

Dette vert drive på dugnad, og for at me skal få det til er me avhengig av at så mange som mogleg kan vera med og byta på å ta med sau! Det er ynskjeleg at alle bidreg her! 

Treningsavgift for heile sesongen er kr. 500,-, og denne betalast til Voss Sau og Geit sin konto: 3480 17 04877. Merk innbetaling med namn og treningsavgift vinter 2024. Treninga er for medlemmer i Norsk Sau og Geit. 

Har du spørsmål, kontakt gjetarhundansvarleg Øyvind Rivenes, tlf: 99420783, eller instruktør Ivar Haug, tlf: 97150041.

Me ynskjer gamle og nye ekvipasjar velkomne.