Landbruksministeren på besøk på Røshol
Tirsdag 18.september var landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) på besøk på Røshol, hos Mali og Ronald Slemmen.
Hoksrud fekk ei orientering om sauenæringa, både lokalt og nasjonalt. Han fekk mange gode innspel og meiningar som me håpar han tek med seg tilbake til regjeringa og det vidare arbeidet sitt.
Med i følget var også landbruksdirektøren i Møre og Romsdal, Frank Madsøy, fylkesskogmester Åsmund Asper og rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ståle Norang.