Styre har hatt 4 styremøter. I januar hadde me fagmøte med Fiskå der tema var foring av drektige søyer. Tor Bjarne reiste på årsmøte til RSG på Sand. Lammalunsjen har forsatt god oppmøte. Grillkvelden med Nortura var i år på Vignes i Tyskerhålene.

Veraringen fekk i år  lov å samla alle kåringslamma på ein plass på kåringsdagen. Det var så vellykka at me prøver igjen neste år. Dei andre kåringslamma vart samla hjå Nina og Thore. Totalt var det 65 lam 63 blei kåra 2stk blei vraka. Kai Petter hadde det besta verlammet og Gaute hadde den beste ind.veren. Stautryggen med 135.

Siste del av slaktekurset med Stian Espedal frå Nortura var i oktober hjå Aksel.

Gerd Bøe og Trond Vignes reiste på leiarmøte i RSG. Kjell Steinar Løland kom i oktober på eit avlsmøte.

Askild er vara til valnemda i rsg.

Tor Bjarne hadde innlegg om korleis han opplevde å få fotråte smitten inn i flokken på avsluttningsmøte for snu sauen.

Kjøttruggen frå Gaute blei beste kjøttver i rogaland.

Me har fått låna ein ullkonteiner av Nortura som står på Ladstein ferjekai, tilbakemeldingane har vor gode så det vil me forsetta med.