Jordbruksnæringa har i 2019 inngått ei avtale med Regjeringa om å redusere klimagassutsleppet med 5 mill. tonn CO₂-ekvivalentar i perioden 2021 -2030.

Ein relativ stor del av utsleppa frå jordbruket er relatert til beitedyr. Beitedyr et gras eller grovfôr som fordøyast i magen. Under denne omdanninga blir det produsert metan. Denne gassen rapar beitedyra. Kor mykje metan ein sau eller ei ku rapar, er avhengig av fôret (lett fordøyeleg fôr betyr mindre metanutslepp), men varierer òg mellom dyr. Viss det er genetisk variasjon i ein populasjon og eigenskapen er arveleg, kan ein selektera dyr som har lågare klimagassutslepp. Og dermed kan det satsast på beitedyr som slepp ut mindre metan i framtida.

Sauene blir plasserte i eit"gasskammer" i 50 min og utslippet blir målt for o2, CO2 og ch4 ved innset, etter 25 og 50 min. Sauene må vegast og gentestast. Dei må også forast med grønt gras inne.

Finnøy veraring med Karl Andre Vignes i spissen har gjort ein stor dugnadsinnsats i ei travel tid med å bidra i dette forsøket.

Ca 600 dyr skal testes.