Styret har hatt 5 styremøte.

Me starta året med å arrangera møte med prosjektet Sauefylket Rogaland på Utsyn. 80 stk møtte!  Dette har vore eit posetivt tiltak.  I sommar hadde me den årlege grillkvelden med Nortura. I år var me i naustet til Anne Lise og Egil.

Hausten gjekk med til å snu besetningar som var båndlagte grunna fotråte, -litt praktiske problem med gjennomføringa av snuinga,men reslutata vart meir oppmuntrane. Alle besetningane på Finnøy og Talgje som var båndlagt,blei oppheva.

 Det blei heimekåring også i år.Det var i år 61 lam som møtte til kåring, 4 lam blei vraka.Gaute hadde beste verlam 201040681 Hall-Lars og beste ind.ver 200941182 Ed-gaute med 132 i ind.

Det var stor etterspurnad etter verar i haust så alle ind.verane og kåra lamma blei selde og me brukt mindre semin. Det har også bidratt til at økonomien har blitt betre sjølv om me også i år måtte krevja inn 2000kr i medlemspengar for å dekka utgiftene. Me må få fleire godkjente verar for tilskot.  Her har me ennå litt å gå på ,men me er på rett veg, lammeind. er stigande.

 I Sau og Geit er medlemstalet nokså stabilt.Nortura har overtatt kostnaden med transporten av ull, og me får forsatt 85 øre/kg ull som me lagrar og sender.Det bidrar til ein god økonomi i Sau og Geit.

Trond og Tor Bjarne var på leiarsamling på Sand

 Gaute