Dette er ikkje berre ei bok for dei med spesiell interesse for sau, avlsarbeid og index. Dette er eit stykke viktig lokalhistorie, og ei bok som me trur mange kan ha glede av, seier forfattarane av den rykande ferske saueboka "Livet med sauen", Hjørdis Halleland Mikalsen og Trude Hallerud Eggebø. Dei har skrive boka på oppdrag for Finnøy veraring, som rundar 50 år i år. Boka famnar eit vidt spekter, og er ikkje berre ei fagbok. Her kan du lesa om rare veranavn, om bygdaoriginaler, om livet i heia, om sauautstillingar og gode historiar frå eit fargerikt og frodigt miljø. Alt skildra med humor og varme. Mellom anna fortel Njål Gjedrem om far sin, Ingvar, og hans uvanleg sterke interesse for sauehald. Også den profilerte finnøybuen Andreas Skartveit har bidrege med eit kapittel spesielt skrive for jubileumsboka, der han fortel levande om sin oppvekst blant folk og fe på Finnøy.  Me er svært nøgde med boka. Det er intressant lesing, både for oss som er spesielt intresserte, men også for andre. Ta til dømes saueutstillingane, dei flest finnøybuar har eit forhold til dei, anten du vaks opp på gard eller ikkje. Dette er viktig lokal historie. For det er som den engasjerte sauemannen Trond Vignes seier: Finnøy er mye meir enn berre tomatar.