Minner alle om Apotekavtalen som RSG har med Apotek1.

Me har ikkje høve til å dele denne offentleg, den er derfor ikkje vedlagt i sin heilkhet her denne gongen, men minner om at den eksisterar og bør nyttast når de handlar inn i desse dagar. 

Døme: rabattar på Baycoxine, Coopersect, Curaverm, Dysect, Ivomec, Panacur, Valbazen, Chanox, Bravecto m.m. 

VIKTIG: det er ikkje lenger høve til å gje Apoteka medlemslister med oversikt over kven som er medlem. det er derfor KVAR ENKELT si oppgåve å logge seg inn på min side, og finne medlemsbeviset der. Ta bilete av dette med mobilen, eller ta utskrift og oppbevar i analog lommebok. 

Me ynskjer dykk lukke til med lemming og beitesenong,- Heia alle oss saue og geitefolk! 

 

Mvh

Styret i RSG