Lamminga er no i full gang mange stader, og ein hektisk periode står for døra. Mange har lite tap i lamminga, men andre stader kan lammetapet variere.

Både fagblada Sau og Geit og Norsk landbruk har den siste tida hatt fokus på lamming og kva som kan vera lurt å tenka på før sesongen startar. Dei har samla mange gode råd frå erfarne sauebønder, og spesielt ein ting ser alle ut til å vera heilt einige om: Dei nyfødde lamma bør få så mykje råmjølk som mogleg, helst frå mora, men andre sauer eller kyr fungerer i nødstilfelle. Frys og gjerne ned litt slik at du alltid har noko i bakhand.

So får me håpe dei fleste går ei triveleg tid i møte.