Fristen for å inngå kontrakt vedrørande sanering gjekk ut 31.12.11. Derfor tok Jølster Sau og Geit initiativet til eit møte der ein kunne utveksle erfaringar med sanering, og Sogn og Fjordane Sau og Geit og Tine vart medarrangørar.

Alle geitebøndene i Sogn og Fjordane, både dei som har sanert og dei som skal til å sanere, vart invitert til møtet. Møte starta kl. 20.00 med presentasjon av alle deltakarane (36 stk inkl. føredragshaldarar)

Som innleiarar til diskusjon hadde vi Rune Myklebust som var mellom dei første som sanerte (2002).  Han tykte ikkje han hadde noe val, han måtte vere med.  Bukkeringane hadde vore ein fantastisk måte til å spe gode eigenskapar, men og til å spreie all mogleg ”djevelskap”.  Han fortalte om ein tøff vinter med snapping, med påfølgjande anemi, der han mista ein del kje.  Bør blande råmjølk frå 2-3 kyr for å eliminere faren for anemi.  Som følgje av saneringa vart oppdrett av kje tatt meir alvorleg enn nokon gong.  Dette har ein fortsett med. 
Var uheldig med bukkar med dårleg resultat for frie feitsyrer og ein og anna positiv blodprøve, som har synt seg å vere falsk.  1-2% falske positive, vert slakta ut.  Han viste og bilete av ein ”kuvøse” kasse, 60x120 med hjul, som han hadde laga og som han hadde kjea opp i, etter kvart som dei vart fødde.  Stelle av kjea første leveåret er svært viktig.  10 kg ved 35 døgn.

Neste innleiar var Ole Kristian Kjøsnes som hevda at Rune hadde pløgd veg, så det vart enklare for han og andre som held på eller skal til med sanering.  Han skal bruke opp att alle bygningane, både heimefjøs og sommarfjøs.  Han satsar heller ikkje på kraftforautomat og mjølkestall.  Han har hatt  god hjelp av naboane, og har laga ”kje oppdrett” i fjøsen til Nils Einar Kjøsnes.  Har stort sett vore alleine i snappinga. Kjea vart henta av  naboen og fôra opp.  Det viktigaste – skaff råmjølk og bygning, gjerne ein kufjøs (då den er fri for dei sjukdommane som ein sanerer for) som er vaska, til oppdrett av kjea. 
Han har renovert heimefjøsen, held på med sommarfjøsen og gjer alt arbeidet sjølv.
Pass på smitte.  Konsentrer deg berre om sanering første året.

Siste innleiar av dei som har erfaring frå sanering, var Ragnvald Søgnesand.  Han gjekk gjennom ”prosessen” hos dei, og synte bilete. Han nytta seg og av ”kuvøse” kassen til Rune, men hadde og laga lokk på den, slik at den kunne nyttast til ”bord”, når tildømes dyrlegen skal ta blodprøver. Kje oppdrett i bingar på 6 kvm, med 10 kje i kvar.  Slik bør dei stå fram til resultatet av første blodprøvane (5 veker).  Ulempen med å ha dei ståande slik heile tida, er at ein får mange småflokkar, når dyra kjem ut på beite. 
Nye dyr,i ny fjøs – koldbrann. Har mista mange dyr første åra.   Mogleg forklaring er at det er bare unggeiter, som berre har fått kumjølk.  Dei har ikkje opparbeida seg immunitet.
Fleirtalet av dei som har sanert har små, nesten ingen problem med koldbrann.
Vaksinerer kjea 2 gonger før beiteslepp, noe som har synt seg å vere positivt.

Vi hadde og med oss veterinær Karin Johnsen som er prosjektveterinær for geitehaldarane i Jølster.  Ho gjekk gjennom dei ulike sjukdommane som ein sanerer for:  CAE, Paratuberkulose og Byllesjuke.  Deretter gjekk ho gjennom ulike høve ved sanering.  Snappa kje skal berre ha råmjølk frå kyr.  Når ”friske” geiter får kje, skal desse kje berre ha råmjølk frå eiga mor.  Saltsteinar i beiteområde kan tiltrekkje seg sauer.  Dyr som testa positivt for byllesjuke, bør ut av besetninga.  Dyr som har byller eller liknande skal isolerast til ein har fått svar på prøvane.  Viktig med smittesluse.
Bør unngå innkjøp av livdyr – bruk semin for å fornye avlsmaterialet.
Livdyrhandel ved oppstart etter sanering.  Kan handle frå max 3 besetningar.  Seinare – rekruttering frå eigen besetning og/eller semin.
Skal ha kontakt med prosjektveterinær ved kjøp av livdyr.  Minimum ein månad sakshandsamingstid hos Mattilsynet.

Ola Søgnesand informerte om økonomiske støtteordningar frå og med 2012.
Inntil 30% tilskot – max kr 900 000,-.  Rentestøtte – grensa er fjerna.

Deltakarane var engasjerte  og det vart utveksla synspunkt/erfaringar.  Tilbakemeldinga frå deltakarar var at det var eit positivt og godt tiltak. Og antall påmelde syner at det er trong for slike møter.  Eit resultat av møtet håpar ein er, at dei som held på /skal til å sanere har fått gode idear/råd ,og personar som dei kan kontakte for å diskutere ulike problemstillingar med.

Jølster Sau og Geit er positiv til å ta på seg å arrangere fleire slike møter, og har som framlegg på arbeidsplana for 2012, dersom den vert godkjent av årsmøte, eit møte for geitehaldarar i slutten av april og to i løpet av 2. halvår 2012.  Ved framtidige møter som er i regi av NSG, vil invitasjonen berre gå til dei som er medlem i NSG, eller så vil ein ha ein høgare eigenandel for dei som ikkje er medlem.  Hovudinntekta til Jølster Sau og Geit og Sogn og Fjordane Sau og Geit er refusjon av medlemskontigent, og det er ikkje rett at ein skal bruke av dei begrensa økonomiske midlane ein har, til å sponse dei som ikkje er medlemar.

Dersom det er noen som har tema som dei ønskjer skal takast opp på eit slikt møte, så ta kontakt med Jølster Sau og Geit:  rsogne@online.no    ragnhild.saele@enivest.net

Ragnhild Sæle

-ref-