I Veterinærtidsskriftet stod det nyleg ein artikkel om flått og lam. Lam som vert sleppt ut på beite bør smittast så tidleg som mogleg og innan to veker etter utslepp. Dess yngre lamma er når dei vert smitta, dess betre toler dei smitten.

Det store spørsmålet er om ein skal behandle ved utslepp eller etter ein periode. Svaret frå veterinærinstituttet er at lamma godt kan behandlast ved utslepp, for dei får mest truleg i seg smitten uansett. Forsøk viser at sjølv ved behandling kvar 14. dag gjennom ein heil beitesesong, får dei smitten i seg. Berre hugs etterbehandling før du sender dei til fjells, for behandlinga gir mindre sekundærsjukdommar.

Veterinær Margrete Vangestad har nedanfor samanfatta ulike behandlingsformer for flått og flugemakk.

Preparat

Pris

Dose

Pris pr dose

Varighet

Dysect

1606,- pr 5 L ( 0,32 kr/ml)

doseringspistol kr 442,-

Sau > 25 kg 40 ml

Sau< 25 kg 25 ml

13 kr pr dose

8 kr pr dose

Fluer: 8-10 u

Flått: 8-12 u

Crovect

1294,- pr 5 L (0,26 kr/ml)

applikator kr 597,-

Flåttdose

Sau > 60 kg 40 ml

Sau 41-60 kg 30 ml

Sau 21-40 kg 20 ml

Lam 11-20 kg 10 ml

Lam < 10 kg    5 ml

 

 

10 kr pr dose

8 kr pr dose

5,2 kr pr dose

2,6 kr pr dose

1,3 kr pr dose

 

 

Flått: 10 u

 

Fluemarkdose

Sau > 40 kg 40 ml

Sau 25-40 kg 30 ml

Lam < 25 kg 20 ml

NB ikke bruk på dyr < 12,5 kg

 

10 kr pr dose

8 kr pr dose

5,2 kr pr dose

 

Fluer: 6-8 u

Coopersect

250 ml kr 294(1,18 kr/ml)

Sau: 5 ml

Lam: 2,5-5 ml 

5,9 kr pr dose

2,8 – 5,9 kr pr dose

Fluer: 2-6 u

Flått:  4.-6. U

Clik*

2,2 liter kr 1645,- (0,75 kr/ml)

Clik applikator kr 465,-

 

Sau > 50 kg 35 ml

Sau 31-50 kg 30 ml

Lam 21-30 kg 25 ml

Lam 10-20 kg 20 ml

26 kr pr dose

22,5 kr pr dose

18,8 kr pr dose

15 kr pr dose

NB bare fluer!

Opptil 16 u