Det har den siste tida vore observert ulv fleire stader i Sogn.  I Sogndal vart eit dyr som sannsynlegvis er ulv sedd og det vart fotografert spor. I  Jostedal har det vore fleire observasjonar av spor som ein trur stammar frå ulv og nyleg var det spor på austsida av Hurrungane som sannsynlegvis stammar frå ulv. Hjå SNO har observasjonane status som usikre.

SNO opplyser at for å få dokumentert ein ulveobservasjon er det avgjerande at dei får melding umiddelbart, då kan dei rykkja ut og følgja spora over ein lengre strekning og på den måten kanskje slå fast at det er ulv.

For dei som legg inn observasjonar på rovdata er det viktig at også dette skjer umiddelbart. SNO blir då automatisk varsla og kan rykkja ut for å kontrollera observasjonen. Ulven er det einaste dyret der SNO får varsel om alle observasjonar som vert lagd inn på rovdata.