Til saueprodusentar i Telemark 

4. November er det klart for værutstilling og auksjon.

Det der den dagen mange «sikrar seg» vær for den komande sesongen. Ja, kanskje for dei neste åra. Det er da viktig å vite kva ein ser etter.

Katalogen over værar som kjem for sal er lagt ut på denne lenka:

https://docs.google.com/spreadsheets/d/1xHM_f9KZ7xq9n3ab31f4iX-S-Tp￾McOW/edit#gid=1960633207

Telemark sau og geit v/avlsutvalet ynskjer velkommen til ein festdag for sauen, og legg ved litt nyttig informasjon.

Målet er at avlsarbeidet skal bidra til å betre økonomien til bonden.

Det er dei val me gjer i avlsarbeidet som er med på å styrkje økonomien.

Det er lett å tenke at me må ha høgst mogleg produksjon. Det er ikke bare produksjonen som spelar inn, det er også helsa til sauen. Me ynskjer ein frisk sau som fungerer godt i det miljøet den lever i.

Det er også eit ynskje at den kan få lam i mange år før den må tas ut av produksjon.

I avlsarbeidet må me ta omsyn til at dyra produserer godt innanfor ramma av god dyrevelferd og god helse.

Når det kjem til val av vær, er viktig å huske på at væren skal bli far til mange lam.

Dei eigenskapane væren har, kjem til å bety mykje for resultatet du får.

Væren skal også bli far til dei framtidas søyer.

Der viktig å være bevisst kva vær du velger, og tenke over kva han kan tilføre søyene dine av gode og eventuelt dårlege eigenskapar.

Indeksberekningane prøver å skilje ut det som skuldast genene til væren eller søya, og fjerne så mye som mogleg av miljøfaktorar som påverkar dyret.

Miljøfaktorar er ting som påverkar lammet, men som ikkje ligger i genene.

Det kan for eksempel være:

• Kva slags fôring du gjev sauene.

• Kor godt beite de går på.

• Størrelsen på besetninga

• Kor mange lam det er i kullet.

• Ein enkling veks opp med andre forutsetninger enn et trillinglam.

• Andre forventningar til eit søyelam enn vi har til eit værlam når det kommer til f. eks vekst.

Alle desse faktorane vert det korrigera for slik at indeksen er samanliknbar for alle dyra innan rasen.

Kva er forskjellen på O-indeks og delindeks.

• O-indeksen viser kor gode gener eit dyr har for dei eigenskapane som er med i avlsmålet . Ein vær med høy O-indeks er jevnt over god på de eigenskapane avlsrådet legg vekt på.

• Delindeksane tar for seg enkelteigenskapar. Dei fortel noko om genene dyret har for akkurat dei eigenskapane.

o Slaktevekt, som viser evnen til å vokse mykje.

o Slakteklasse som fortel om kor god kjøttfylde lammet får.

o Morsevneindeksane som gjev eit bilde av melkeevna til søya.

o I tillegg har me eigenskapar som fødselsvekt og spenestørrelse. Viktige eigenskapar for å sikre lette lammingar og lite ekstraarbeid i lamminga.

Der er viktig for god dyrevelferd og helse.

Baksida av seminkatalogen gjev god informasjon om dei ulike delindeksane.

Med helsing

Avlsutvalet for sau i Telemark sau og geit