Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Siste publiserte artikler

Referat styremøte 27. juli 2018

Hordaland Sau og Geit                             

 

 

 

 

Referat styremøte fredag 27. juli 2018.

Stad: Halhjem Kaffe, Halhjem

 

 

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal, Ola Steinsland og Tore Atle Sørheim frå Avlsutvalet.

Tor Arne Sandvik, Ivar Haug frå Gjetarhundnemnda og Jarle Helland frå Beiteutvalet hadde meldt forfall.

 

 

Sak 34/18 Godkjenning av innkalling

Vedtak: Godkjent med tillegg, brev frå Radøy Sau og Geit.

(Sak 48/18)

 

           Sak 35/18 Godkjenning av referat styremøte 10. mars 2018

                 (vedlegg referat styremøte 10. mars 2018)

Vedtak: Godkjent

 

Sak 36/18 Referat frå møtet på Skinnarbu ang. etablering av jerv på Hardangervidda

Oddmund Hildal møtte frå HSG og refererte frå møte. Det er interesser for og auke rovdyrbestanden med argument som at "dei" vil ta ut sjuke/svake dyr som Reinsdyr og rester frå kadaver vil bli til mat for Fjellreven.

Vedtak: HSG følger nøye med utviklinga og er sterk i mot at rovdyra aukar.

 

Sak 37/18 Referat frå møtet i beiteutvalet

Reidar møtte frå HSG og refererte frå møte. Frå 2019 er landbruksavdelinga hos FM slått saman med Sogn og Fjordane. Mange ting er ennå uklart, men det blir nok ein del endringar. I dag er det berre Hordaland som har eit beiteutval… I alle andre fylke er det FM som fordelar midlane til organisert beitebruk.

Timesatsen for eigeninnsats er nå på kr. 350.- pr. time.

Vedtak: Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland blir invitert til Leiarmøte i HSG for meir informasjon om endringar i forbindelse med samanslåinga med

Sogn og Fjordane. HSG vil og be om at referat frå møte i Organisert beitebruk blir lagt på heimesida til HSG.

 

Sak 38/18 Utbetaling til lokallaga med medlemsauke

Gjennomgang av saka: Så langt er det 4 lokallag som har meldt inn om nye hovudmedlemer for 2016 og 2017.

Vedtak: Godgjersla blir betalt ut til lokallaga like etter fristen.

 

          Sak 39/18 Samling/kursing av kåringsdommarar 28.08.2018

Tore Atle Sørheim orienterte frå møte i Avlsutvalet i Hordaland 5. juni som var eit felles møte med Sogn og Fjordane. Det blir felles kåringskurs for dei to fylka 28. august. Kurset blir hos Randi Underthun og Ove Holmås. Det er ikkje signalisert "store" endringar i forhold til kårings reglane for 2018.

Vedtak: HSG ber lokallaga om og sjå etter nye kåringsdommarar då det er behov for nye dommarar.

Ber lokallaga sende inn forslag til leiar i Avlsutvalet Tore Atle Sørheim  e post: tore.atle.sorheim@kvaerner.com  slik at dei kan bli med på samlinga 28. august.

 

Sak 40/18 Kåringa hausten 2018

Tore Atle Sørheim orienterte om planlegginga i forhold til kåring 2018. Det er lokallag som er seine og melde frå om når dei ønskjer kåring. Ut frå det blir dei sett opp frå tidlegare år. Felles kåringssjået Austerheim blir i 2018 delt opp der Lindås/Meland skal ha kåringa i Knarvik.

Vedtak: Det blir i 2018 14 kåringssjå i Hordaland.

Dei sjåa som skal bruke "lilla" sløyfer og rosettar må bestille dei sjølv.

Lokallaga (sjåa) må melde frå til Tore Atle om kor mange kåringsklyper dei har bruk for.

Prisen for kåring er kr. 150.- pr. stilte lam for 2018.

Alle som stiller lam til kåring må vara medlem i NSG.

Tore Atle vil og ta opp med NSG at personar som møter til kåring og ikkje er medlemmer i NSG ligger sperre i kåringsprogrammet.

Det vil og bli arbeidt for felleskurs for eigen dømming av Pels. Karluf undersøker om kursholdar og kursplass.

 

Sak 41/18 NM for gjetarhund i Kvinnherad 12.-14- oktober. Er me i rute?

Vedtak: Når Ivar Haug ikkje kunne møta er info om arbeidet med planlegging for NM i Gjetarhund ikkje heilt oppdatert. Oddmund Hildal som er i "komiteen" seier at arbeider er i ruta.

HSG vil ha stand under NM.

 

Sak 42/18 Marknadssituasjon for sau/lam. Har me gode løysingar for å få det i balanse?

Vedtak: Lager av lam ser pr. dato ser ut til å bli tomt til sesongen 2018.

Situasjonen for lager av sau er mykje meir utfordrande. Det er vanskeleg og finna salskanalar for sauekjøttet. Prisløypa for lam i 2018 er tilnærma lik som i 2017.

HSG følger marknadssituasjonen og vil ha dette som eit av tema til Leiarsamlinga i oktober.

 

Sak 43/18 Leiarmøte i HSG 26.-27. oktober. Kva tema skal me ha?

Vedtak: Styret arbeider med planlegging av leiarmøte 2018. Samlinga blir på Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, like ved Flesland.

Tema som bli arbeida med til møte er:

  • Marknadssituasjonen for sau/lam v/ Nortura/Fatland
  • Avl v/leiar i landsrådet for saueavl Sven Reiersen
  • Min side v/NSG
  • Fylkesmannen, info om samanslåing med Sogn og Fjordane
  • Lokallaga sin time (alle må delta)
  • Nemnder og utval i HSG

 

 

Sak 44/18 Julebord 2018.

Vedtak: Styret arbeider med fagtur og Julebord for helga 14. – 16. des. 2018. Meir info kjem når Styret har bestemt stad.

 

Sak 45/18 Orientering frå ekstraordinert Rep. møte NSG (Reidar)

Reidar var kalla inn til ekstra ordinert Representantskapsmøte i NSG. Møte var lukka for pressa og einig om at referat etter møte ikkje blei vidareført.

 

Sak 46/18 Val av medlemmer til diverse utval i HSG

Vedtak: Sender ut til lokallaga oppsett på dei forskjellige nemndene. Alle som er på val er spurt og det står i oppsette kven som har svara ja til og fortsetja.

Når det gjelder Beiteutvalet er det ikkje sikkert ar dette utvalet vil bestå i det nye Fylke. Difor har Styret bestemt at eventuelle endringar skjer om utvalet skal bestå i det nye Fylke.

Frist for svar til HSG 1. september 2018

Sak 47/18 Brev frå Radøy Sau og Geit:

Sak 42    tema leiarsamling    Siv Bøifløt frå NSG kan ta for seg min side korleis me kan bruke den aktivt i lokallaga, nye medlemmer, utmeldte, og historikk

Sak 46  ymse      kor finn me referat etter møter i avlsutval og beiteutval ?

                               Sakner referatet etter årsmøtet,  har de tatt tak i sakene som var oppe på årsmøtet, ( 2 epostadresser lokallag, lister over sauehaldarar osv)

                                

                              Innkomne saker til årsmøtet: desse må på ein eller annan måte bli offentliggjort for utsendingane før årsmøtet starter slik at ein får ein god gjennomgang av dei før vedtak.  Dei burde kanskje vore presentert i starten av årsmøtet med styret si tilråding, for så å bli behandla seinare på dag når det har sege inn hjå årsmøteutsendingane. Eg set med ein liten følelse at saka til Radøy Sau og Geit angåande tilskot til nye medlemmer fekk ein litt «difus» ordlyd. Lokallaga får 500 kr pr nye hovedmedlem. Er det lokallaget til verver eller lokallaget til den ny medlem som får pengene? I Radøy har me vedtatt at pengene skal gå til den ny medlem slik at han får eit litt billegare innhopp i saualslaget ( vore god hjelp i verving). Når me no passerer juli betaler nye medlemmer berre halv kontingent (kr 550 opp til 50 vfs) dvs for vårt lag betaler nye medlemmer berre 50 kr.

Det burde kanskje vore tilskot til nye medlemmer første halvår?, og eg meiner det er da ein bør ha trykk på vervinga

Til sak 27/18  her vil styret ha tilskot kun til netto medlemer. Dette er noko eg er imot, for da straffer ein lag der medlemmer melder seg ut fordi dei avslutter drifta. Kan bli at ein venter med verving til ein ser kor mange medlemer som melder seg ut av laget.

 

Vedtak:

Styret gjekk gjennom brev og spørsmåla som er stilt av Radøy Sau og Geit med svar:

  • Sak 42    tema leiarsamling : NSG blir invitert til leiarmøte med fokus på "Min side.
  • Sak 46  ymse kor finn me referat etter møter i avlsutval og beiteutval ?

Dette blir tatt opp med  Avlsutvalet og FM slik at referata blir tilgjengeleg på HSG sin heimeside.

  • Saker referatet etter årsmøtet,  har de tatt tak i sakene som var oppe på årsmøtet, ( 2 e- postadresser lokallag, lister over sauehaldarar osv):

Referat Årsmøte 2018 skal bli lagt ut i nær framtid.

Saker til Årsmøte skal i framtida bli lagt fram for Årsmøte ved oppstart for så å bli behandla under årsmøte i forhold til sakliste.

Fleire personar frå lokallaga som får e post.. Fleire lokallag har det i dag, men sender ut til alle og ber om tilbakemelding.

Liste over sauehaldarar i Hordaland har HSG nettopp fått frå FM og blir utsendt til lokallaga.

Når det gjelder verving er det kr. 500.- pr. hovudmedlem, uansett tid på året.

Tilskot pr. nye medlemmer blir betalt ut til det lokallaget som medlemmene høyrer til.

Saka om tilskot nye hovudmedlemmer gjelder pr. dato til utgangen av 2018. For nye medlemmer som blir regesterte i 2018 blir tilskotet betalt ut i etterkant av 2018.

Saka vil bli lagt fram for Årsmøte 2019 for ny behandling.

 

 

            Sak 48/18 Ymse

  • Den tørre sommaren har gjet utfordringar med lite for. HSG vil legga ut info på heimesida og med linkar til møter som blir haldne rund om i Hordaland.
  • HSG har fått innspel om skilting av beitande dyr i utmarka. Det er og viktig at det står kor ein hannender seg når ein ser sjuke eller døde dyr på beite. HSG vil og arbeide for at skilta kjem på fleire språk då ein ser fleire frå utlandet har med seg hundar.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com