Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Siste publiserte artikler

Referat styremøte tysdag 20. mars 2018

 

Referat styremøte tysdag 20. mars 2018.

 

Stad: Nortura Evanger, Evanger.

 

Til stades: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Oddmund Hildal, Arnt Bakke og Kato Hilleren.

Tor Arne Sandvik, Tore Atle Sørheim, Ivar Haug og Jarle Helland var ikkje til stades.

 

 

 

Sak 23/18 Godkjenning av innkalling

 

Vedtak: Godkjent

 

Sak 24/18 Godkjenning av referat styremøte 23. februar 2018

                 (vedlegg referat styremøte 23.februar 2018)

 

Vedtak: Godkjent

 

Sak 25/18 Organisering av styret i HSG etter årsmøte (fordeling av oppgåver)

  

Etter ein gjennomgang av arbeidsfordeling Styret i arbeidsåret 2017 kom styret fram til denne fordelinga for arbeidsåret 2018:

 

Vedtak:

  • Heimesida og gjetarhund: Oddmund Hildal
  • Økonomi/samlingar: Kjetil Rødland
  • Avl: Arnt Bakke
  • Geit/kjøttproduksjon kje: Tor Arne Sandvik
  • Organisert beitebruk: Reidar Kallestad

 

Sak 26/18 Utbetaling til lokallag med medlemsauke for 2016 og 2017

 

Det er ikkje blitt utbetalt tilskot til lokallaga for nye medlemer etter vedtak i Årsmøte 2017.

 

Vedtak:

Ber alle lokallag sende inn lister over nye hovudmedlemer for utbetaling av tilskot. Styret vil ha listene inn innan 1. mai 2018. Sendes til: Arnt Bakke e- post: arntbakke@yahoo.no

 

Sak 27/18 Utføring av arbeid etter vedtak i sak: Innkomen sak til Årsmøte 2018 frå Radøy    Sau og Geit

 

Vedtak:                                                                                                                   Under Årsmøte blei denne saka behandla. Styret vil utarbeid brev til NSG der HSG vil be om at Fylkeslaget kan vara "pilot" i arbeidt med medlemsverving og invitera NSG med på "spleiselaget"

Slik saka er i dag er det alle nye hovudmedlemmer til lokallaga som skal betalast av fylkeslaget. Styret vil ta denne sak til Årsmøte 2018 for ny behandling om tilskot for auke i netto hovudmedlemmer i lokallaga.

 

 

 

Sak 28/18 Orienteringssaker:

 

  • Oppsummering Årsmøte HSG 2018 Alle

 

Eit godt Årsmøte som vert leda svær bra av Ordførar i Årsmøte John Karsten Raunholm. Flott 70. årsmarkering etter Årsmøte. Kunne vert fleire lokallag som stilte.

 

  • Oppsummering Årsmøte NSG Alle

 

HSG møtte med 5 utsendingar. Utsendingane etterlyser meir "fag" under Årsmøte. Var benkeforslag på nytt medlem inn i Styret som fekk fleirtal.

 

  • Gjennomgang av arbeidet med utarbeiding av Årsmeldinga for 2017. Alle:

 

Arbeidet med Årsmeldinga for HSG 2017 har gått bra. Er viktig at alle leverer inn innhald til Årsmeldinga til rett tid.

Også til Årsmeldinga for framtida trenger HSG blider. Har du eller tek du bilder som du meiner kan brukast og du vil dela med andre har Oddmund Hildal oppretta ei mappe til og ha desse i. Send til: oddmundhildal@hotmail.com

  

  • Apotekavtalane 2018 Kjetil

 

Apotekavtalane er på plass, apoteka krev medlemslister så det er viktig at lokallaga sender over.

 

Sak 29/18 Nemnder og råd i HSG (sjå vedlegg)

 

Det er personar som er på val i dei forskjellige utval/nemnder i HSG.

Styret skal ta kontakt med alle som er på val om dei er aktuelle for gjenval.

Har ditt lokallag andre forslag ber Styret om innspel innan 1. mai.

 

 

 

 

 

Sak 30/18 Leiarmøte 2018

 

Vedtak:

Leiarmøte for 2018 vil bli 26. - 27. oktober. HSG gjerne legge det til området rund Flesland. Dette på grunn av at det er lettare for eventuelle gjester og delta.

Sekretær hentar inn tilbod for hotell.

 

Sak 31/18 Årsmøte HSG 2019:

Vedtak:                                                                                                                        Dato for Årsmøte 2019 blir 22. – 23. februar 2019. Plass er ennå ikkje bestemt.

Sak 32/18 Kurs i grilling

Vedtak:                                                                                                                         Det er kom opp spørsmål om HSG kan få til kurs i grilling.                                       Vedtak: Styret skal ta kontakt med Erling Brandseth frå Vossestrand som driv med keitering og som har samarbeida med HSG om han kan holde kurs før 31. mai.

 

 

 

Sak 33/18 Grillaksjonen 2. juni 2018

Vedtak:                                                                                                                   Laurdag 2. juni skal NSG i lag med kjøttbransjen arrangera landsdekkande grill aksjon med lam på grillen.                                                                                                     HSG vil prøve og få til mange arrangement rundt om i Fylke. Håper det er lokallag som kan samarbeida seg i mellom i bynære områder.

 

Sak 34/18 Ymse

Reidar Kallestad etterlyser info frå SNO om observasjon av spor etter Jer fleire plasser i Hordaland. Han stiller spørsmålet kva gjer SNO nå?

 

Karluf Håkull

Sek.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com