Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Siste publiserte artikler

Styremøte 10.januar 2018

Hordaland Sau og Geit                             

 

 

 

 

Referat styremøte onsdag 10. januar 2018.

Stad: Nortura Evanger (Eldhus)

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal, Ola Steinsland. Tore Atle Sørheim, Avlsutvalet og Ivar Haug Gjetarhundutvalet.

Tor Arne Sandvik og Ole Johan Eidsnes hadde meld forfall.

 

 

Sakliste:

Sak 01/18       Godkjenning av innkalling.

                        Vedtak: Godkjent

 

Sak 02/18       Godkjenning av referat frå styremøtet 13.12.17.     

                        Vedlegg. Referat frå styremøtet 13.12.17.

                        Vedtak: Godkjent

 

Sak 03/18       Oppsummering Julemøte 2017

Vedtak:       

                        Kjetil oppsummerte fagtur med Julebord og konkluderte med at  

                        opphaldet på Bardøla Hotell var godt. Også fagturen laurdagen var heil

                        "topp" med omvising på Hol Ysteri og gardsbesøk hos Torunn Tveide                          

                        og Jon Lilleslett. Dei tok oss med på omvising i fjøsen, men det var

 nærmare minus 20 grader denne dagen så turen gjekk fort inn i stova..      Her blei det servert nysteikte boller og kaffi med litt "gløgg". Her vert det fortalde om drifta og korleis dei til dagleg fordelte oppgåvene i familien.  

 

Sak 04/18       Brev til NSG, klassifisering av sau

                        Vedtak:

HSG sender brev til NSG og ber dei ta opp sortering og prising av  god og dårleg slaktesau med Klassifiseringsutvalet. Ber om at ein ser  på sortering av saueslakt ikkje berre etter EUROP men også etter farge fett og skjereutbytte.  

                          

Sak 05/18     Årsmøte 2018

                      Vedtak:

Gjennomgang av årsmøte 2018. Årsmøte tek til laurdag 24. februar 2018 og blir avslutta same dag kl. 16.00. Årsmøte blir holt med vanlege årsmøtesaker og eventuelle innkomne sakar.

Festmiddag med 70 års markering, underhaldning og diverse utdelingar.

Tidelegare leiarar med følgje skal inviterast til festmiddagen med overnatting. HSG har og fleire bedrifter/organisasjonar som ein samarbeider med, desse blir og invitert men må ta kostnaden sjølv.

Program til 70 års markeringa er under arbeid.   

 

Sak 06/18     Årsmelding for 2017

                      Vedtak:

Arbeidet med Årsmeldinga HSG 2017 er i godt arbeid. Mange har   takka ja til og ha annonse i årsmeldinga. Også gjennomgang av anna "stoff" som skal på plass, også her er ein godt i gang. Siste frist for innhald til årsmeldinga er sett til 1. februar.

 

 Sak 07/18     Innspel til valnemnda NSG

                      Vedtak:

Styret i HSG arbeider med innspel til Valnemnda i NSG. HSG har hatt kontakt med personar for og høyre om det er nokon som ikkje stiller til val eller om det er personar som er tillitsvalte innanfor NSG som er aktuelle for utskifting.

Svar som er kom tilbake viser at HSG vil anbefala ny tillit til alle som er på val.

Sender brev til valnemnda NSG.

 

Sak 08/18      Fagsamling beitebruk i Hordaland 26. – 27. januar 2018

           (Korleis er påmeldinga?)

           Vedtak:

Reidar gjekk gjennom program og påmelding. Det er diverre få som har              meldt seg på berre 40 så langt. Det er ikkje aktuelt og avlysa.

 

Sak 09/18     Jordbruksforhandlingane 2018

                      Vedtak:

Ein god gjennomgang på kva som må prioriterast til Jordbruksforhandlingane 2018. Reidar skal i møte med andre organisasjonar i Hordaland 29. januar og tar med desse sakene som prioriterte:

·         Bevara, helst auka tilskot småfe i utmarka

·         Auke i tilskot til grøfting

·         Øyremerka midlar til teknologi og innkjøp av tekniske hjelpemidlar for sporing og sanking av småfe i utmarka. 

 

                   

Sak 10/18     Aktivitetsplan for 2017

                      Vedtak:

                      HSG arbeider med fornying av avtalane som er med Apotek1 og Vitusapotek håper dei er på plass før 1. februar.   

 

Sak 11/18     Budsjett 2018

                     Vedtak:

                     Saka er utsett til neste styremøte 23. februar.

 

Sak 12/18     Budsjett Gjetarhund 2018

                      Vedtak:

Ivar Haug la fram forslag til budsjett Gjetarhundnemnda for 2018 med eit innberekna tilskot frå HSG på kr. 35.050.- for og gå i balanse.

 

Sak 13/18    Budsjett Avlsutvalet 2018

                    Vedtak:

Tore Atle Sørheim la fram forslag til budsjett for Avlsutvalet 2018 med     eit innberekan tilskot frå HSG på kr. 25.000.- dor og gå i balanse.

 

Sak 14/18    NM gjetarhund 2018

                    Vedtak:

Ivar Haug orienterte sa at NSG hadde ingen som hadde tatt på seg og arrangera NM i 2018. Hordaland fekk spørsmålet og sa ja, og er kom godt i gang med arbeidet.

NM Omvikedalen i Kvinnherad 11. -14. oktober 2018.

Det er sett ned ein komité som har hovudansvaret og som arbeider vidare med arrangementet.

Søker NSG om støtte på kr. 50.000.- og HSG om kr. 30.000.-.

Sjå heimesida for info så langt: http://www.nsg.no/hordaland-gjetarhundnemnd/nm-2018-article12831-3407.html

 

 

Sak 15/18   Ymse

Tore Atle Sørheim orienterte om henvendelse frå Nord Hordaland der dei  ser på omorganiseringa av kåringssjået som er på Austrheim. Tore Atle har bedt om meir informasjon og vil ta dette til Avlsutvalet.

 

 

Karluf Håkull

Ref.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com