Beste Geit Sogn og Fjordane - 2017
Beste Geit Sogn og Fjordane 2017 er kåra. Det var Åse og Rune Myklebust som tok eit napp i vandrepokalen i 2017 med geit nr 5027. Denne geita oppnådde 9 poeng for jur og 9 poeng for kropp, såleis totalt 18 poeng.
Dette var same poengsum som geit nr 572 frå Vikesland, men geit nr 5027 hadde betre avlsindeks og Myklebust fekk såleis napp i vandrepokalen i 2017. Åse og Rune blir inviterte til årsmøtet i Sogn og Fjordane Sau og Geit, der dei vil få overlevert vandrepokalen og ein diplom. Fylkeslaget spanderer dagpakke og middag for Åse og Rune Myklebust på årsmøtedagen. Vandrepokalen vart sett opp i 2016, og frå før har Grethe og Sigurd Vikesland eitt napp i vandrepokalen.
Det er geiter som har kjea minst to gonger og som har avlsindeks på minimum 110 som kan delta i tevlinga. Bonden stiller den geita han meiner best kropp og jur, og kåringsdommar set poeng for kropp og jur på denne geita. For bonden er det såleis viktig å ha geiter med høg nok avlsverdi og som har kjea minst to gonger, og deretter å plukka ut den geita med best jur og kropp blant desse. I samband med bukkekåringa set kåringsdommaren poeng på geita og sender deltakarskjemaet til fylkeslaget, som set opp resultatlista.”