Geitehelg og avlskonferanse 26.-28. november
Har du spørsmål om arrangementene?
Kontakt Jo Risløv, Sogn og Fjordane Sau og Geit
Mobil: 971 70 653 E-post: jo.rislov@gmail.com
Har du spørsmål om arrangementene?
Kontakt Jo Risløv, Sogn og Fjordane Sau og Geit
Mobil: 971 70 653 E-post: jo.rislov@gmail.com
Sogn og Fjordane Sau og Geit har sett opp ein vandrepokal for beste mjølkegeit.
Du kan plukka ut ei geit og få denne vurdert i samband med kåring av bukkekjea.
Statuttar og deltakarskjema finn du her.
Geitehaldar kan stilla ei geit i samband med kåring av bukkekje. Geita må vera ei 1. premiegeit etter NSG sine kåringsreglar, dvs ho må ha indeks på 110 eller betre og ha kjea minst to gonger. I tillegg må ho oppnå minimum 8 poeng for jur og eksteriør frå kåringsdommar. Statuttar, påmeldingsskjema og litt praktisk informasjon går fram av vedlag fil. Me vil oppmode alle geitehaldarane i Sogn og Fjordane til å stilla ei geit i samband med bukkekåringa.
Beste Geit Sogn og Fjordane 2017 er kåra. Det var Åse og Rune Myklebust som tok eit napp i vandrepokalen i 2017 med geit nr 5027. Denne geita oppnådde 9 poeng for jur og 9 poeng for kropp, såleis totalt 18 poeng.
Det nærmar seg kåring av bukkekje, og me vil difor minna om kåring av Beste Geit Sogn og Fjordane 2017.
Møtet vart halde i samband med Geitehelga 2016.
Desse møte: Jo Risløv, Ragnvald Søgnesand, Vidar Sandal og Sigurd Vikesland.
Desse møte: Jo Risløv, Ragnvald Søgnesand, Vidar Sandal, Ingolf Folven og Sigurd Vikesland.
Geitehelga i Jølster er vorten ein tradisjon. Denne gongen vart Geitehelga arrangert 19. og 20. november på Thon Hotel Jølster. Denne samlinga er like verdifull sosialt som fagleg. God stemning og engasjert forsamling.
Geitegruppa har utarbeidd og sendt uttale til Tine i samband med Tine si høyring om mjølkekvalitet og betalingsregelverk.