Referat styremøte HSG 3. des. 2019
Referat styremøte HSG 3. des. 2019
Stad: XL-Bygg på Voss
Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Kato Hilleren og Oddmund Hildal. Ivar Haug møtte for Gjetarhundlaget.
Saksliste:
Sak 42/19: Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Godkjent
Sak 43/19: Godkjenning av referat frå styremøte 7. okt. 2019
Vedtak: Godkjent
Sak 44/19: Oppsummering etter representantskapsmøte HSG
Gjennomgang av samlinga generelt og av saker lokallaga tok opp:
Vedtak:
- Treg påmelding frå lokallaga
- HSG har frist i forhold til avtale HSH har med hotell
- Dette medførte at HSG får rekning på ubrukte rom som medfører ekstrautgifter
- Er ikkje alle som er tilstande under innlegga i møte. Møter for seint opp eller forlèt møte før det er slutt. Dette kan bli oppfatta av innleiar som negativt og gje dårleg signal om kva HSG står for.
- Vil utforda Fitjar Sau og Geit til og lage eit lite notat over korleis dei brukar VIPPS som betalingsverktøy. Dette notatet kan ein legga ut på heimesida til HSG.
- Oppfølging på spørsmål frå Sveio Sau og Geit om møte (r) der tema er om tilskotsordningar i landbruket fungera og regulering av kjøtt. Karluf tar kontakt med Sveio og følger dette opp.
Sak 45/19: Referat frå representantskapsmøte i NSG 15.-17. oktober
Reidar møtte her og hadde ein gjennomgang av saker som var på dagsorden. Den aller største saka var:
Strategiplan for NSG for 5 årsperioden (2020 – 2025)
Sak 46/19: Julebord 2019 Voss
Planlegg program for samlinga. 79 påmeldt så langt.
Vedtak: Avtalt gardsbesøk på garden Skår i Granvin, garden foredlar "Skåramat". Setter opp minibussar for transport Voss – Skår med retur. Aller reiser med Voss Gondol for felles Julebord.
Sak 47/19: Årsmøte 2020 (stad og gjester)
HSG har fått inn pris for opphaldt til årsmøte 21. – 22. feb. 2020 frå diverse hotell.
Vedtak: HSG har takka ja til Brakanes Hotell, Ulvik. Styret arbeider med invitasjon til gjester/føredragshaldarar.
Sak 48/19: Årsmelding for 2019
Gjennomgang og fordeling av oppgåver for og få alt inn i rett tid i forhold til årsmeldinga.
Vedtak: HSG skal og ta kontakt med Bekkevolds Lyskopi om dei kan lage årsmeldinga også i år. Alt som skal vara med må vara inne til 24. januar
Sak 49/19: Innstilling til valnemnda NSG
Post frå valnemnda i NSG der dei ber om innspel til diverse val i NSG.
Vedtak: HSG gjekk gjennom brevet frå valnemnda og har hatt kontakt med dei personane som er på val og vidaresender HSG sin innstilling til valnemnda i NSG
Sak 50/19: Innstilling til diverse sentrale råd i NSG
Vedtak: HSG har hatt kontakt med dei personane som står på val og fått tilbakemelding frå dei. HSG sender sin innstilling til valnemnda i NSG.
Sak 51/19: Jordbruksforhandlingane 2020
Reidar orienterte Styret om Jordbruksforhandlingane 2020. HSG blir kalla inn til felles møte i lag med andre organisasjonar.
Vedtak: Det er viktig at lokallaga sender inn forslag HSG eller til lokalt Bondelag eller Bonde og Småbrukarlag. Frist for innspel 30. januar.
Sak 52/19 Status arbeidsplan/budsjett 2019
Vedtak: Denne saka er utsett til neste styremøte.
Sak 53/19 Møtegodtgjersle for tillitsvalde
Dette er sak som styremedlemmer i HSG har vert usikker på kva dei har rett på i forhold til dag- godtgjersle i forhold til Årsmøte og leiarmøte.
Vedtak: Styremedlemmer har rett på godgjersle for ein dag ved årsmøte og ingen ved dag- godtgjersle for leiarmøte.
Ref.:
KH