Er du oppdatert på hanndyrloven?
Som ei oppmoding ønskjer OSG å minne om hanndyrloven.
I hanndyrloven står følgjande. OSG vil oppmode alle å følgje desse retningslinjene.
Heile loven kan lesast HER.
§ 1. Det er forbode å sleppa verar og geitebukkar som er fødde før 15 april same året, på beite
a) | i sambeiteområde i utmark eller innmark, |
b) | saman med sauer eller geiter som andre eig, i anna beiteområde eller |
c) | der tilhøva er slik at dei lett kan koma saman med sauer eller geiter som andre eig. |
Vidare er det forbode å la verar og geitebukkar som er fødde seinare enn fastsett i første stykket eller i vedtekt etter § 4, gå på slikt beite lengre enn til 1 oktober.
Forboda gjeld ikkje beite på særskilt område der verar og bukkar blir haldne for seg, såframt området er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn.