Arrangementet vil finna stad på Hartveit, hjå Audun Seilen Gjerstadvegen 586, 5282 Lonevåg, søndag 19. mars kl 10.00. Dette er ikkje eit dressurkurs, men ei informasjonssamling der  alle kan få stilla dei spørsmåla som dei måtte ha om emnet. Derfor treng ingen ha hund for å væra med. (Har du hund kan denne sjølvsagt væra med, men det vert ikkje lagt opp til "trening" denne dagen.) Opplegget vert ei sosial samling der informasjon om gjetarhunden står i fokus.Det vert fyrt i bålpanne / grill for grilling under samlinga. Grillmat til alle vert skaffa.

Programmet er først å visa ein del videomateriell med gjetarhund, der ein undervegs får god anledning til å stilla spørsmål. Deretter blir det vist i praksis kva hundane kan bidra med.

Arrangøren ser for seg at om det er interesse for det vil ein seinare kunna dra i gang praktisk kurs for dei som evt skaffer seg hund, eller allerede har hund og treng hjelp i opplæringa. For at arrangøren skal ha ei viss oversikt over antall som kjem, ønsker vi tilbakemelding seinast 17.mars. For å dekka litt av kostnadene ved samlinga, vil det kosta kr 100,- pr familie.

Styret oppfordrer deg til å bruka denne anledninga for å få kunnskap om bruk av gjetarhund i sauehaldet.

Meld deg på innan 17/3-23 til Jan Tore Veland, mobil 95161637 eller mail jtveland@online.no