Årsmelding for Sotra Sau og Geit 2019

 

Styret for 2019

Leiar og Skrivar: Andreas Vorland

Nestleiar: Gisle Hop Fjæreide

Medlem: Dag Sigve Arefjord

Medlem og Gjetarhund kontakt: Dorothea Helen Halvorsen

Medlem: Ronny Fjeldstad

Kasserar: Evelyn Sommar, etter avtale med styret.

 

Det har vore eit innhaldsrikt år for Sauelaget på Sotra og Øygarden.

Me har nokså grei økonomi i laget og stabilt medlemstal, 50 stk. 2019 der meste delen driv småbruk og snitt på 30/40 vinterfôra. Me ser framleis ein del potensiale i auka medlemsmasse.

Laget har dekka kommunane Sund, Fjell og Øygarden fram til 2020 då det vert samanslåing og da vert ein kommune, Øygarden Kommune – Eit Fyrtårn I Vest.

Medlemmane våre driv kyst småbruk vest for Bergen, og me brukar mykje kystlynghei og mykje små teigar. Mykje av sauen reiser lengre inn i fylket om sommaren på beite, medan villsauen beitar kystlynghei heima ved kysten

Det har vore 6 Styremøter / komité møter saman med Sotra og Øygarden Bondelag, Sotra og Øygarden Bonde- og Småbrukarlag kring Barnas- og Dyras dag / Kåringssjå.

Me har hatt 3 medlemssamlingar med fellesmiddag på Steffi Støvo i Februar, Grilling og omvising på fôringsplassen til Signalen Beitelag i lag med Bonde- og Småbrukarlaget, Grilldag og Temadag på Ulveseth med praktisk bruk av gjetarhund.

Me har organisert ull innsamling hos Sturle Minde, Nils Martin Eide og Steinar Hennø vår og haust, Fostertelling i byrjinga av Februar.

Andreas og Sturle deltok på Regionsmøte i Januar, Andreas og Dag Sigve deltok på Årsmøte i HSG i Februar.

Me hadde i byrjinga av Mars slaktekurs hjå Strilalam på Algerøy med Stian Espedal i lag med Askøy Sau og Geit. Me deltok i sommar også på NSG sin grillaksjon og hadde stand på Sartor Senter ved Meny, her var veldig god interesse og mange positive tilbakemeldingar.

 

I September var vi vert for årets felles kåringssjå for region 3, det vart avhalde på Sartor Senter i lag med Barnas- og Dyras dag. Eit felles arrangement mellom Sotra Sau og Geit, Sotra og Øygarden Bondelag, Sotra og Øygarden Bonde- og Småbrukarlag samt Sartor Senter.

Frå laget stilte 9 eigarar med 32 lam, der Smårasane var spesielt godt representert og god kvalitet.

Flott vær og flotte væra med utruleg mykje besøkande, me synast me fekk visa fram mykje bra frå strila bøndene midt på senteret. Her har me fått mykje gode tilbakemeldingar frå alle kantar.

 

Sotra Sau og Geit

v/Andreas Vorland