Bakgrunnen var den forferdelege skadesituasjonen som ulven «V461" skapte bl.a. i Skåbu sommaren 2013. Nord-Fron Sau og Geit lova ut skotpremie til den som skaut rovdyret på skadefellingsløyve, vart anmeldt og bøtlagt, vedtok ikkje bota og fekk medhald i dette i tingrettsdom i januar 2015. V461 vart forøvrig skote i Høl i Skåbu 16/7 2013.

På festen i Skåbu vart dei kommunale jaktlaga i Nord- og Sør-Fron inviterte til fest som ein takk for det dei gjorde og gjer for beitenæringa. Anne Kari Veikleenget fekk gåve frå Nord-Fron Sau og Geit som ein takk for innsatsen ho gjorde i saka, og som ein påskjønning for all belastinga ho hadde hatt grunna styret med rettsaka.

Stemninga var god som bilete under visar, Anne Kari i midten.