Overskrifta tente sjølvsagt fleire i beitenæringa og sjeldan har vel tillitsfolk i Oppland Sau og Geit fått fleire telefonar.

Uroen gjorde at journalisten vart oppringd og spurd om vi ikkje kunne få spalteplass til å svara på kritikken både frå Løkken og innhaldet GD v/journalist og redaktør stod for. Svaret har ikkje kome og i skrivande stund har styret i OSG bestemt seg for å senda eit lesarbrev i staden. Styret i OSG ser likevel med undring på at vi ikkje fekk spalteplass i vår regionale seriøse avis.

Artikkelen tek utgangspunkt i at Løkken hadde funne att sau på "beite" der det i ettertid viser seg at vedkommande husdyreigar hadde gjort ein slett jobb med å finna dei siste sauane sine. Beitenæringa tek sjølvsagt avstand frå slikt, men kan samstundes ikkje gjera noko med slike enkelthendingar da dei fyrst skjer. Vi prøver sjølvsagt å gjera mykje førebyggande for at slikt ikkje skal skje.

Løkken brukar enkelthendingar i Gudbrandsdalen til å setja heile beitenæringa i Oppland i eit dårleg ljos, og dreg det vidare med å skulda oss for juks med sleppte dyr for å få større erstatningar. Sjå artikkelen under:

 

 

 

Næringa fekk på sparket anledning til ein liten kommentar og Anna Ulmo svara slik:

Styret i OSG har nå sendt dette lesarinnlegget til GD og håper det vert sett inn i avisa relativt fort. VI takkar alle for engasjementet dei har vist i ettertid av trakaseringa.