Eit dagmøte på Jora på Lesja og eit kveldsmøte same dagen i Vågå var avhelde i går, 13/08. Arnfinn Beito, leiar i Oppland Sau og Geit, seier at ingen konklusjon vart trekkt etter møta. FM la fram at dei hadde ein liten million til dei som ville tidlegsanke heim att sauen. I følgje Beito og Ellen M Syse, som var på Lesja-møtet, var dei fleste beitebrukarane lunkne til tidlegsanking. 

Både rovviltnemnda og FM i Oppland fekk kritikk for dårleg forvalting. Det vart òg hevda at Mattilsynet burde sendt brevet til desse i staden. Fakta er vel at saka har mange og altfor mange sider, og at Opplandssamfunnet ikkje har makt til å endra denne situasjonen radikalt.

Frå sentralt hald har nå NB, NBS og NSG fått lovnad på møte m/Landbruk- og Matministeren og Miljø- og Klimaministeren 17/09 om "Beitenektsaka"

GD har denne artikkelen om møtet på Lesja.