Dette skriv Mattilsynet om saka:

Orientering om regelverk for merking av småfe frå Mattilsynet.

Frå gamal tid har krøttermerke, som viser kven som eig dyra vore skorne inn i dyreøyra – likt ved reinmerke i reindrifta. Desse merka har vore knytt til gardsbruka og gått i arv frå brukar til brukar. Merka har ofte vore skrivne ned i handskrivne eller trykte merkebøker.

Seinare vart småfe identifisert med påskrift på halsklave i tillegg til dei tradisjonelle øyremerka og etter kvart kom det aluminiumsklips og plastmerke som gjorde at dei skorne øyrene etterkvart vart borte hjå dei fleste husdyrholdarar.

Kravet i dag er eit godkjent plastmerke i kvart øyre med dyrehold ID og individnummer.

Mattilsynet vurderer det slik at den gamle merkemåten med skorne øyre ikkje er i samsvar med dagens dyrevelferdslov § 10:

 «Ved merking av dyr skal det benyttes forsvarlige metoder som ikke påfører dyret atferdsmessige begrensninger eller unødige påkjenninger og belastninger.»

«Det er eit vidt spekter av merkemetodar. Hovedkravet til merkinga er at den skal være forsvarleg og ikkje påføra dyret åtferdsmessige begrensninger eller unødige påkjenningar og belastningar. Eksempel på metoder som ikkje er forsvarlege er fryse- og brennmerking, med unntak for merking på ikkje kjenslege delar av kroppen som hov, klauv, skjell eller horn. Som hovedregel vil heller ikkje fjerning av kroppsdeler anses som forsvarlig merking.

Å merke småfe med snitt i øyra vil være ei tilleggsmerking til godkjende øyremerke, då øyremerke  er obligatorisk. Merking ved å skjere i øyro vil dermed medføre ei tilleggsbelastning til den obligatoriske merkinga, og må derfor vurderast som ei unødig påkjenning. Hvis merkinga med øremerke kunne erstattast av merking med snitt i eit øyre kunne ein  moglegvis diskutere om snitt i øret er mer belastande enn innsetting av øremerke, men ettersom øremerke er obligatorisk, er dette ikke et aktuelt spørsmål.

Mattilsynet ser etter dette på tradisjonell merking med skjering av øyre som i strid med regelverket og bønder som framleis praktiserer dette vil få reaksjonar frå Mattilsynet dersom dette vert påvist. Merkebehovet vert dekka av dei obligatoriske plastmerka som regelverket krev.

I tamreindrift er det framleis lov å merke dyr ved skjering av øyre.