Etter styremøte måndag og representantskapsmøte tysdag hadde Ola Flaten frå NILF eit foredrag om økonomien i sauehaldet basert på rekneskapen hos enkeltprodusentar over heile landet. Hovudkonklusjonane var at økonomien eller rettare sagt inntjeninga i produksjonen vår er svak med ei gjennomsnittleg timebetaling på kr. 51,-. Likevel synte det seg at det var svært stor variasjon mellom bruka, og at både "små" og "store" besetningar kunne ha levleg inntjening.

Landsmøtet vart åpna av Pål Kjorstad og landbruksdirektøren i Oppland Anders Prestegarden.   Åpningssermonien vart krydra med 2 feleleikar av Rasmus Kjorstad. Åpningspresentasjonen er her.

     

                                                     Anders Prestegarden og Rasmus Kjorstad

Landsmøtet vart som vanleg, men førebels for siste gong, godt leda av Aslak Snarteland. Sakene gjekk nokså greit, og avlssaka fekk eit samrøysta vedtak etter ikkje altfor lang debatt. 3 uttaler frå møtet vert sendt ut i etterkant med tema: økonomi i sauhaldet, økonomi i geithaldet og freda rovvilt. Valga gjekk greit med nesten same resultat som innstillinga frå valgnemnda.

Under møtet fekk vi foredrag frå bl.a.Øyvind Løken, FKT-prosjektet, Ivar Odnes, Sp-politikar og helsing frå NBS v/Terje Holen    

     Ivar Odnes   

  Terje Holen

 

Festmiddagen og resten av arrangementet vart prega av mange hyggelege prisar og gåver med Magnhild Nymo, Ove Ommundsen og Hans Hjelstuen som 3 av hovudpersonane.