Kjøttdeig av storfe smakar null og niks er ein av kommentarane Per Borglund, redaktør av "Mat fra Norge" er referert til i Nationen.

På seminaret vårt på Spidsbergseter var det planlagt ein debatt mellom Nortura/Nortura Totalmarked og representantar frå matvarekjedene. Det viste seg at kjedene var vanskelege å få tak i, og da vi i siste liten fekk tak i nokon så fekk vi bl.a. denne teksta i ein mail siste dagen før seminaret: "Jeg har forhørt meg litt angående presentasjon, og er informert om at Norgesgruppen er i dialog med dere angående levering og salg av lammekjøtt. Vår informasjon om dette vil derfor komme der. Jeg takker for hyggelig invitasjon, men velger likevel å takke nei til å delta."

Nortura kom og var representert ved Erling Skurdal og Nortura Totalmarked kom og var representert ved Jakob Simonhjell. Dei la fram denne presentasjonen og vi som hadde følgt med ei stund fekk ikkje høyra noko nytt, anna enn at Simonhjell meinte å vita at ein dialog med kjedene nå synest å få eit positivt utfall for oss som har lyst til at 2 viktige saker endrar seg med det fyrste: 1. Reguleringslagerert må tømmast ned til det vi må ha att for å sleppa ny import i 2017. 2. Dette må gjerast før prisprognosa for andre halvår skal fastsetjast slik at prisen til bonden vert betre att i haust.

Elles fekk Simonhjell nokre gode spørsmål frå forsamlinga som han ville ta med seg vidare.