Målet for kurset var at fleire jerveskinn kom på bordet, som på bilete over. Det er ei kjent sak at bestandstalet av jerv i Norge er langt over bestandsmålet, og at av ei kvote på 183 dyr i sesongen 2012/13 er hittil berre 37 felt.

Eivind Lurås frå NJFF fortalte at lisensfelling burde vera hovudverkemiddelet for å forvalta jervebestanden ned på bestandsmålet. Til dette kreves kurs og erfaringsutveksling og han nemnte Flå jakt- og fiskesenter, som har utvikla og utviklar fangst og felleløyper, skytepakker og held kurs. Han ville òg arbeida for at lisensjakta på jerv skulle starta 1/9 og at elektronisk varsling burde vera godt nok for tilsyn av jervbås.

Erik Ola Helstad fortalte mykje om jerven som dyr og forvalting av den. 269 kjente ynglelokalitetar i Norge. Det vart kjørt 132.000 km i 2012 for å yngleregistrera jerv. Ingen jervejakt i Sverige og dermed fri flyt og innvandring av jerv frå der. Frå 1/1 2010 til 8/1 2012 vart det registrert 361 døde jerver i Norge. Vakse hannjerv er mellom 12 og 18 kg, medan vaksne tisper er mellom 8 og 12 kg. Jerven, som er født i februar, er omtrent utvokse 1 år gamal. Tispene yngler frå 2 års alder, mest vanleg frå 3-4 års alder. Dei får til vanleg 2-3 kvalper pr. kull. 6 av 10 vaksne tisper yngler kvart år, dvs at ei tispe yngler litt oftare enn annankvart år. Hannjerven overlappar 3-4 tisperevir. Jerven lagrar mat, og denne lagringa tek til utovern hausten frå august. Den har fleire matlager med sterke og synlege vegar til eit stort hol. Ynglehiet er mykje meire dekka og består som regel av eit lite hol i bakken i ei bratt utilgjengeleg li. Jerven er infanticid og begår som bjørnen barnedrap. 60% av dødligheten fyrste året står hannjerven for.  32 % av alle unger dør på ein eller annan måte før dei er 1 år gamle. Jerven er lett å kjenna att på sporsnø. På skaraføre med skråstillt 3 sporsetting og i djursnø parspor. Anbefalt bok om sporing er Åke Aronson: Spor og sportegn, ISBN: 978-91-86331-35-1. Framfot vert brukt til å kjønnsbestemma jerven, der avstand mellom bakpute og tå utan klo vert målt. Avstanden for tisper er sjeldan over 12 cm, medan hanner ofte har ein avstand på rundt 14 cm. Ein kan òg gå ut frå at det er ei tispe når avstand mellom urin og skit er svært liten. Jerven kan lett flytta seg 5-6 mil på ei natt til og frå hiet. Ei nattrute er ved eit eksempel målt til 9 mil!

Jervefangst i bås har vore tillatt og brukt i Norge sidan 2002/03 sesongen. Ymse krav til båsen: T.d. Breidde, lengde, høgde på 0,75 m, 1,50 m og 0,80 m. Lokket må vera minst 30 kg tungt og veggen/gulvet 15-20 cm tjukkt avhengig av treslaget. Bås er tillatt berre ved lisenfelling. Lurt å ha den ved kjente jervelokalitetar, gjerne i grenseområde mellom revira og på stader som er lette å ha tilsyn på.

Lurås fortalte om åtejakt på jerv. Åta kan vera fallvilt frå området eller husdyr frå eige gard. Åta er best når den er stor av vomrestar og eller innmat. Best med samarbeid i åtefangst, dvs. fåe store åter m/jegere på døgnjakt/vaktlister. Det vart òg sagt at viltkamera ved åta var fint, for såg ein jerven der så kom den att neste natt. Eit prosjekt : Jervejakt i Nordland vart nemnt som eit eksempel. Her har dei fellt rekordmange jervar alt fyrste året. Noko av årsaken er at det har vorte lagt til rette for å bygga opp åtebuer, hjelp til innkjøp av revevarsler, viltkamera og båser. I tillegg har dei sjølvsagt forpliktande avtalar mellom og med jegere.

Til slutt heldt rovviltjeger Svein Ove Nordsveen innlegg om praktisk jervejakt med hund. Han hadde etter eige utsagn snill kjerring og godt tålmod. Hadde bygd seg opp med god kunnskap og gode hundar, som han trena mykje. Hundane, elghund grå, hadde spesielt lange føt og var prega/trena på grevling, jerv og bjørn. Den beste hadde fått kjeft kvar gong den sto for klauvdyr og kunne altså gå på jerven midt i ein reinsflokk eller gå etter jerven forbi ein elg! Han hadde i tillegg godt samarbeid med eigarene av den beste elghunden i landet Strix, som mot alle odds både er bjørn og elghund. Jervejakta er spanande med hund, der han hadde best erfaring med slepping av hund på kalde spor, slik at hunden fant jerven i staden for at jeger fant jerven. Jerven vart deretter ganske fort drive inn i ei ur eller opp i eit tre av hunden. Han meinte at jerven følte seg trygg i eit tre, og ikkje "tenkte eller visste" om børsa. Han ivra for slik dei hadde fått til med godt samarbeid mellom jegere, god kontakt med bønder og SNO, slik at dei fekk melding om rovdyra og kunne trena hundane ofte. Han hadde sjølv dårleg erfaring med vaierbjørntrening, men meinte at dette var tilfeldig og ulikt frå hund til hund. Nordsveen er òg norsk kontaktperson for bjørnjakt med hund i Sverige og har mobilnr. 90795757.

Han tykte at dette var ein fin skålvegg, der han viste til resultater som jeger:

Elles vart det servert kaffe og kringle til alle, og så håper vi at det vart sådd eit optimistiskt frø for meire velykka jervjakt denne kvelden.Eg takkar Anette Jørstad for bileta og ser at ho fann ei ny nisje denne kvelden m/jervskinn til pynt: