I følgje SNO og Rovdata har vi nå dokumentert/antatt 6 ynglingar av jerv i Oppland. Vi skal ha 4, og dei 6 som er funne hittil kan bli enda fleire! I forhold til rapportar tidlegare i vinter, såg ein det som svært sansynleg at det er omlag 50 jervar i Oppland, vi skal ha 25-26 dyr. Vi har altså dobbelt så stor bestand som bestandsmålet, og Staten v/Mattilsynet, seier at beitebrukarane sjølve må stå ansvarlege for dette!

Rett nok har vi da dette vert skrive teke ut dyr i 3 ynglelokalitetar, 3 kvalpar i Storfjellet (Ringebu), 1 tispe og 2 kvalpar i Langsua (Sør-Fron) og 2 kvalpar i Grimsdalen (Dovre), men uttaka av vaksne produksjonsdyr er som vi ser minimale. Vi har for mange dyr frå før, tek ut under halve tilveksten.og står dermed tilbake med ein enda større bestand.

Staten og forvaltninga har enda ein stor jobb å gjera før beitesesongen, og gjer ikkje dei jobben kan ein heller ikkje rekna med at beitebrukarane kan gjera sin. Vinnaren vert dermed som alltid Staten v/Miljødirektoratet og jerven, medan bøddelen vert Staten v/Mattilsynet og jerven - Taparen er sauen, beitebrukaren og norsk matproduksjon. Så spørs det kva den siste taparen, som ikkje vart nemnt her, Stortinget, gjer i forhold til vedtaket sitt om den tosidige målsetjinga. Kan Sylvi Listhaug og departementet ho styrer gjera noko med dette, eller har Klima- og Miljødepartementet all makt i rovviltforvaltninga som under førre regjeringa?

Ynglingar av jerv pr. dags dato i Oppland:

  Dato Fylke Kommune Status
  04.05.2014 Oppland Dovre Dokumentert
  03.05.2014 Oppland Sør-Fron Dokumentert
  28.04.2014 Oppland Lesja Antatt
  24.04.2014 Oppland Ringebu Dokumentert
  21.04.2014 Oppland Lom Antatt
  04.04.2014 Oppland Lesja Antatt

Rovbasa er ikkje oppdatert på døde rovdyr, så her finns det ikkje registrert noko jerv i 2014 enda,