Lammetilskotet - kva skjedde eigentleg?
Lammettiskotet eller "Kvalitetstilskot til lammeslakt", som det er nemnt i utbetalinga for juni 2015 har skapt støy i sauenæringa. Tåkelegginga av saka, som forhandlingsutvalget har bidrege med, har ført til at mange rett og slett har teke informasjonsstrømmen for god fisk.
Sjølve saka: Jordbruksavtala har nå ført til at:
1. Lammeslakt-tilskotet for kvalitetslam slakta 2015 vert utbetalt juni 2016 etter søknad januar 2016. Tilskotet er eigentleg på kr. 500,- pr.slakta lam, men alle lammeprodusentane får ½ tilskot, dvs kr. 250,- pr. lam.
2. Lammeslakt-tilskotet for kvalitetslam slakta 2016 vert utbetalt likt med slakterioppgjøra gjennom året. Tilskotet er eigentleg på kr. 500,- pr. slakt, men alle lammeprodusentar får ½ tilskot, dvs. kr. 250,- + mva pr. lam. Her hadde forhandlingsutvalget krav om at desse lamma laut vera slakta etter 1/7 2016, men Staten av alle skjønte uretten i dette og endra datoen til 1/1.
3. Dersom ein tenkjer seg at jordbruksforhandlingane neste vår går som planlagt vil alle da få 1/1 tilskot + mva for alle kvalitetslam slakta i 2017.
Konklusjon: Alle som produserar kvalitetslam og slaktar dei i kalenderåra 2015 og 2016 vil mista kr. 250,- pr. lam. Dette utgjer om lag 470 millionar kr. på landsbasis, og dermed kan alle sauehaldarar vera svært stolte over å vera den viktigaste bidragsytarane til «auken» i jordbruksoppgjøret i vår.
Mange, med meg sjølv som ein av dei, meinte at det var ei kjensgjerning at alt som står på Norges Bondelags si nettside er sant. Eller så meiner iallefall bonden at det er til å lita på, men den gong ei. I sin iver til å fortelja oss at dette ikkje var verdt å sjå på ein gong fortalte dei oss denne konklusjonen: (Henta frå artikkel til heimesida til Norges Bondelag) "Produsenter med stabil produksjon vil ikke få noen økonomiske utslag av omleggingen. Produsenter som starter opp vil tjene på omleggingen, mens de som avvikler vil tape. Ved gårdsoverdragelser der saueholdet videreføres, blir effekten den samme som med stabil produksjon."
Her er det feil i kvar einaste setning, og dette er altså konklusjonen til NB. Sanninga er dette: Produsentar med stabil produksjon vil tapa 1/2 tilskot på lam slakta 2015 og 1/2 tilskot på lam slakta 2016. Men Bondelaget meiner altså ikkje at det vert noko økonomisk utslag av at eksempelbonden med 100 kvalitetslam tapar til saman kr. 50.000 i 2016." Produsentar som som startar opp vil tjene på omlegginga". Ein produsent som startar opp i 2015 vil tapa tapa likeeins som eksemplet over, medan ein produsent som startar i 2016 vil tapa berre kr. 25.000. Dersom ein produsent derimot startar i 2017 så vil han tjene på det dersom jordbruksforhandlingane neste år går som forutsett. Men dette kan vi ikkje kalkulera inn dersom same gruppa som forhandla i år skal starta på at på nytt. Kanskje er det ein anna produksjon som skal ha noko da òg. Ei halv setning er sann i konklusjonen, dei som avviklar i 2015 eller 2016 vil tapa, 1/2 eller 2 halve tilskot ettersom kva som er siste året dei driv. Ved overdraging av eigedommen i 2016, som er avtaleåret vil selger tapa 1/2 tilskot for 2015-produksjonen og kjøper (altså rekkrutten!!) vil tape 1/2 tilskot for 2016-produksjonen. Her er det reklamert med at kjøper får pengane før, men eg trur av eigen erfaring at med dagens rentesatsar vil rekrutten også heller vente til juni for å få kr. 50.000 i staden for å ta kr. 25.000 om hausten.
Men kva var logiggen i dette: Jau, alle må innrømma at det var forlokkande å få tilskotet rett på slakteoppgjøret, men ingen sauebonde hadde forventa at jordbrukets krav i jordbruksforhandlingane skulle rana næringa for 470 millionar kr. Men kva tenkte "våre" forhandlarar på. Jau, dei hadde vore på møte i Landbruk og Matdepartementet og fått høyrt at det var ingen vits å leggja fram for høgt krav, men dersom dei ville ha 470 millionar å gå på så var det berre å gå for denne modellen - ein omvendt Robin Hood-taktikk med tåkelegging og ny matematikk-kunnskap der 1+1=1.Det var svært viktig at andre produksjonar fekk eit løft, eller som dei seinare seier: Dersom sauenæringa hadde fått det dei ville ha ville det ikkje vorte att noko til andre. I eit heftig møte skal Bartnes ha sagt at NSG ikkje hadde reservert seg mot negative økonomiske konsekvensar i sitt "krav" til jordbruksforhandlingane. I denne settingen etter at brevet av 12/5, som eigentleg er ei konsekvensanalyse av overgangsordninga, vart underteikna, presterte til og med Bondelaget å hevda at NSG støtta omleggingsmodellen. Det var merkeleg da NSG i brev av 10/5, 13/5 og 19/5 sendte henvendelse om å snu prosessen, slik at ingen vart økonomisk skadelidande.
Saka sett frå NSG sitt styre og sentralt: (fritt etter eige erfaring i saka)
Der var eit sjokk for NSG at jordbruket sjølv v/Forhandlingsutvalget kunne leggja fram dette som eit «krav» i jordbruksforhandlingane 24/4 2015
Tone Våg (leiar i NSG) og Lars Erik Wallin (generalsekretær i NSG) ante tidleg uråd, men måtte bruka nokre dagar for å stadfesta om kravet eigentleg var slik dei forstod det. Dei spurte seg for i faglaga og fekk til svar at dette var kravet, og at dette ikkje hadde betydning for bruk med stabil produksjon og eller ved generasjonsskifte. Tone og Lars Erik skjønte likevel at dette førte til eit stort tap for heile sauenæringa, og telefonar frå enkeltbrukarar tikka inn. NSG hadde telefonstyremøte 09/05 og i referatet frå dette møtet står dette:
"Viser til jordbrukets krav til ramme og fordeling i jordbruksforhandlingene 2015 pkt. 9.6.2 vedr. endring i utbetaling av lammetilskudd. Norsk Sau og Geit har mottatt til dels sterke reaksjoner fra våre medlemmer på at Jordbrukets forhandlingsutvalg går inn for en omlegging med overgangsordning som i realiteten vil medføre bortfall av 1 års lammeslakttilskudd (selv om dette for den enkelte bruker ikke vil bli realitet før den dagen driften avvikles). Vi er også kjent med at blant andre Norges Bondelag har fått reaksjoner på dette direkte. Styreleder Tone Våg i Norsk Sau og Geit deltok i arbeidsgruppa vedr. "Utredning av endring av produksonstilskudd for sau/lam og geit/kje vinteren 2013/2014. En omlegging i utbetaling av slaktetilskudd ble drøftet i forbindelse med dette arbeidet, der Tone Våg på vegne av næringa ga klart uttrykk for at en omlegging ikke måtte medføre tap av tilskudd for næringa. Norsk Sau og Geit ga i årets innspill til jordbruksforhandlingene tilslutning til en endring i utbetalingssystemet for lammeslakttilskudd, men hadde ikke i dette forutsett et opplegg med slike konsekvenser for næringa. Med bakgrunn i næringas syn på dette ber styret i Norsk Sau og Geit om at Jordbrukets forhandlingsutvalg jobber for et overgangsopplegg uten negative økonomiske konsekvenser for sauenæringa, eller at omlegging ikke gjennomføres i årets avtale."
NSG vart i etterkant av dette bedt inn til møte i forhandlingsutvalget, der Lars Erik møtte og Tone møtte på telefonen. På dette møtet fekk NSG høyra på det sterkaste at å tenkje tanken om ei «dobbel» utbetaling av lammeslakt-tilskotet i 2016 ikkje var aktuelt, eller som det vart sagt: «Dere har ikke lov til å tenke at man må slakte 2 årganger lam for å få fullt tilskudd i 2016. Det er budsjett som skal vektlegges, ikke produksjonsgrunnlag!» På møtet vart det framlagt eit skriv for NSG, som dei skulle underteikna. Dette skrivet som eigentleg var ei konsekvensanalyse av omlegginga av tilskotet vart under møtet justert og retta etter ønskje frå NSG sine representantar, da skrivet og informasjonen rundt omlegginga av tilskot til dels har innehalde faktiske feil og tåkelegging for å så tvil om kva omlegginga eigentleg betyr for sauenæringa. NSG fekk altså nei i kravet sitt om at forhandlingsutvalget skulle trekkja omleggingsmodellen for å hindra at sauenæringa skulle få tap i tilskot grunna omlegging av utbetalingstida. Brevet eller skrivet som NSG skreiv under på var ikkje ei avtale om at NSG var einige i omleggingsmodellen, men underskrifta til NSG var eit bevis på at skrivet nå var ein meir presis informasjon på korleis omlegginga av tilskotet vart for heile sauenæringa. På bakgrunn av møtet og etter rekneskapsmessige bevis og påtrykk frå næringa og andre sendte NSG henvendelser inn til forhandlingsutvalget om å trekke kravet og heller gå for gamal modell i staden både den 13/5 og sist den 19/5 utan å få nokon positiv respons. I ettertid har NBS v/Merethe Furuberg innrømma at ho ikkje heilt skjønte konsekvensane av dette og styret i NBS bestemte at følgjande setningar om temaet vart lagt fram for næringskomitèen i Stortinget i høyringa om jordbruksavtala 3/6.
" I årets jordbruksavtale er det foreslått en omlegging av lammeslakttilskuddet fra å være en ordning som utbetales etterskuddsvis etter søknad til å bli en ordning som utbetales direkte sammen med slakteoppgjøret. Det har vært full enighet i jordbruket om en slik omlegging. I ettertid må en bare konstatere at den konkrete omleggingsmodellen har skapt stor uro og mye bekymring i sauenæringen, fordi forarbeidet ikke har vært godt nok gjennomført og forankret. Derfor ber vi om at forslaget utsettes og at gjeldende ordning videreføres. Dette har ingen budsjettmessige konsekvenser for årets jordbruksavtale."
NSG ved Tone Våg la fram dette for næringskomitèen vedrørande saka:
"Norsk Sau og Geit mener at en flytting av utbetaling av kvalitetstilskudd på lammeslakt til slakteriene og utbetaling over slakteoppgjøret vil ha flere positive effekter og har derfor hatt dette med i innspillet til årets jordbruksforhandlinger. Men endring av forvaltningsmodell for kvalitetstilskudd på lam fra produksjonstilskudd til pristilskudd slik den er fremmet i årets jordbruksavtale har ikke vært tilstrekkelig konsekvensutredet. Dette har som kjent skapt stor usikkerhet og fortvilelse blant de som driver i næringa. Alle sauebrukere mister 1 års tilskudd og reagerer selvsagt på det, det er naturlig. Produksjonstilskudd er, som navnet sier, tilskudd for den produksjonen som blir levert. Både i 2015 og 2016 blir det levert årsproduksjon av lam, men bare en av dem, eller 2 halve årsproduksjoner vil motta tilskudd. En hel årsproduksjon av lam får med avtalens omleggingsløsning ikke utbetalt tilskudd, dette utgjør kr. 50.000 pr. 100 lam. Dette er midler som produsenten i utgangspunktet er innvilget, men som blir justert ned fordi staten ikke skal få en ekstra utgift som følge av omleggingen. Norsk Sau og Geit henstiller til Næringskomitèen om å utsette overgangen og ta den ut av jordbruksavtaleteksten for 2015. Saken må utredes og drøftes i landbrukets egne organisasjoner før den evt. tas inn på nytt. I og med at den løsningen som er valgt ikke får noen budsjettmessige konsekvenser i 2015-oppgjøret, får det ingen virkning for årets avtale om den tas ut. NSG vil samtidig gi klart uttrykk for at en framtidig overgangsløsning ikke må medføre tap av tilskudd for saubrukeren."
Til orientering hadde Norges Bondelag innlegg på 10 minutt i komitèen utan å nemne utfordringa og klagene dei har fått på dette. Bartnes fekk spørsmål frå Storberget om temaet, men svarte at Norges Bondelag prioriterte folk som kom inn i næringa. Med andre ord så tok han ikkje innover seg at alle som leverer lammeslakt i åra 2015 og 2016 ville tapa 250 kr pr. slakta kvalitetslam i båe desse åra, også dei som er nystarta i 2015 og 2016. Han prioriterter altså berre nystarta sauebønder som slaktar lam frå og med sesongen 2017, ein sesong som ingen veit om kva beløp som vert framforhandla for lammetilskotet. Og når ein kjenner historia til forhandlingsutvalget for 2015, så kan ein eller ikkje stola på at fullt tilskotet vert betalt ut da heller. Konklusjon: Bartnes svara næringskomitèen med eit svadasvar, som gjaldt jordbruksforhandlingane til neste vår.