Ved å gå inn på "minside" ser vi at heile 340 av medlemane våre enda ikkje har betalt kontingenten sin. Vi oppfordrar alle som vil fornya medlemskapet sitt om å betala snarast. Medlemsfakturaen var vedlagt førre nr. av medlemsbladet "Sau og Geit". Vi oppfordrar òg dei tillitsvalde i lokallaga våre om å bruka "minside" aktivt ved å sjekka dette i lokallaget sitt under fana "avvik kontingent" og deretter kontakta medlemane.

Vi minnar om dei nye lagslovane til NSG der aktivitetar i regi av NSG knytt til hald av sau og geit krev hovudmedlemskap og at aktivitetar i regi av NSG knytt til gjetarhund krev minst støttemedlemskap.

Elles må alle som leiger elektronisk utstyr av Oppland Sau og Geit vera hovudmedlemmar.

Til slutt vil vi minna om at medlemskapet i NSG vil gjera at tillitsfolk både sentralt og lokalt vil kjempa ein felles kamp for produksjonen og haldet av småfe i forhold til bl.a. forvaltning, politikarar og samfunn. 

Konklusjon: Medlemskap løner seg for deg og for oss alle!!