Nytt sanke-, vege- og sorteringsanlegg
Jora Beitelag tok i haust i bruk eit flunkande nytt og moderne sanke-, vege- og sorteringsanlegg. Endre Amundgård kan fortelja om eit stort, arbeids- og ressurskrevande tiltak. Men ikkje minst kan han fortelja om at tiltaket vart svært vellykka alt frå fyrste stund.
Anlegget er tilpassa beitelaget med inndrivingsganger/kveer, bu med renner, elektronisk vekt og fleire tredelingsportar ut att til kveer for kvar medlem/eigar. Endre fortel om storfornøgde brukarar, som fekk individ og vegelister same kvelden som sorteringa var gjennomført. Nedanfor er bilete frå anlegget teke med drone: