Radiobjøller
OSG satsar vidare på radiobjølleprosjektet neste sesong og utvidar med opptil 800 enheter. I tillegg har vi bestillt 100 såkalla lammeenheter. Vi ønsker kontakt med og søknader frå interesserte brukarar, og oppfordrer medlemmene våre om å sende søknader om å bli med på prosjektet.
Etter planen skal OSG frå og med neste beitesesong ha tilgang på 1200 radiobjøller, altså 800 nye enheter. For at desse skal få ein verdi utover berre å bruka bjøllene treng vi interesserte og nysjerrige brukarar.
Krav til brukarar for 2011-sesongen:
1. Vera medlem i lokallag av Sau og Geit i Oppland.
2. Vera interessert i å gjera ein ekstra jobb med bjøllene i prosjektet vårt.
3. Ha beiteområde med god dekning, men vi må vera klar over at det er enkeltområder i dei fleste beiteområda over heile Oppland med dårleg dekning.
4. Brukar må betala kr. 170,- pr. enhet i avgift og halde seg til oppretta avtaler. (Midlar kan skaffast av FKT-midlar i eige beitelag eller kommune etter søknad).
Søknader sendes til OSG v/Pål Kjorstad, 2647 Sør-Fron eller e-post pkjorstad@ventelo.net innan 15/2 2011. Søknaden må ha med ein eller fleire gode grunnar for at nettopp du skal få vera med i prosjektet. Slike grunnar kan vera rovviltrelaterte, med t.d. historiske store søyetap i besetningen eller t.d. stedsrelaterte, der ein besetning er plaga med vegsau eller sau i uønska beiteområde. Nokre kan kanskje òg vera interessert i å gjera ein spesiell jobb med å finna ut meire om beiteområdet sitt vedrørande beitetid, beitekvalitet o.l.
Legg hovudet i bløt og kom med kreative tankar inn i framtida! Artikkelen vert oppdatert ettersom søknadane tikkar inn.
OSG v/Pål Kjorstad, leiar
P.S. Tidlegare medlemmer i prosjektet må òg søkja