Rapport for 2021 og søknad om leige for 2022 - Oppland Radiobjøllelag

Som vanleg legg vi ut elektronisk rapporteringsskjema kombinert med søknadsskjema for døkk som i 2021 har leigd og eventuelt i 2022 vil leiga elektronisk overvåkingsutstyr av Oppland Radiobjøllelag
Oppland Sau og Geit v/Oppland Radiobjøllelag får kvart år, etter søknad, tilskot frå FKT-midlar frå region 3 og tilskot til tiltak i beiteområder frå kommunane i gamle Oppland fylke, til å kjøpa inn elektronisk overvåkingsutstyr. På same måte vert noko av leiga brukt til å kjøpa inn utstyr og halda laget med oppdatert utstyr.
Alle medlemmar i Oppland Sau og Geit og eller medlemmar i Organisert Beitebruk (medlem av beitelag) får tilbud om å leiga slikt utstyr til sau, storfe, geit og hest.
Utstyret er Telespor, Findmy, Smartbjella, Nofence (kun til Storfe i 2021, men vi vonar at batterikapasiteten på småfeenhetene kan betras for 2022) og Biocontrol saltseinavlesarar. Findmy er satelittbasert og går både med og utan mobildekning. Resten er avhengig av mobildekning, sjølv om Telespor har kombinasjonsenheter der basestasjon i mobildekning kan hjelpa til. Dersom nokon er interessert i den siste varianten av slikt utstyr, Gjetargut, så kan vi ta inn det også, men da må dere melda frå direkte til Pål Kjorstad på 99034406 eller mail pkjorstad@outlook.com
Dei 2 siste åra har vi stort sett klart å dekka opp alle søknader. Søknadsfristen er 15/2 2022!
Hugs at rapporteringa er obligatorisk for alle brukarar i 2021, og at det vert krevd inn eit beløp på kr. 500,- + mva til alle som ikkje rapporterar.
Dette beløpet vert krevd inn saman med leigefakturaen for 2022, der eventuelle feil ved utstyr i 2021 kan verta kompensert.