Møtet vart mest fokusert på det nye rovviltforliket. Av enkeltsaker under dette temaet vart det fokusert på tilliten eller mangel på tillit til SNO, at rovviltnemnda i Oppland missar forvatningsretten på jerv, sein saksgang i DN og bjørnesituasjonen i Oppland. Dere kan lesa innlegget mitt i debatten her, der òg teksta til rovviltforliket er teke inn.

Ommundsen redegjorde om følgjande: NSG har vore med å gjort ein programserie om kva sauen gjer for kulturlandskapet. Desse kjem på NRK 1 snart. DN har kome med forslag om at dei 2 bjørneynglingane, som skal bli teke ut av bestansmålet i Norge, skal bli trekt frå bestandsmålet i Troms/Finnmark og i Nordland. 204 sauebønder i landet fekk trusselbrevet frå Mattilsynet i fjor, rovviltforliket seier klart at beitenekt ikkje er aktuelt grunna freda rovvilt. Vidare nemnte han Rendalsdommen som står sterkt, slik at bønder som kjem i slike situasjonar har full rett til kompensasjon frå Staten. Han tykkte at rovviltforliket kom dei fleste av oss til gode, men advara mot at MD nå var i ferd med å "riva" i stykker teksta ved å laga nye forskrifter. Dette var observert i Stortinget og dei parlamentariske leiarane var i ferd å ta opp dette på ny. Frå det nye statsbudsjettet har SNO fått 2 mill ekstra til fellingslag.

Åsgård redegjorde for situasjonen i Hedmark og var som oss enig i at makta desverre sat i byråkratiet. DN og MD dreg alltid rovviltsaker til den eine sida, står på rovviltets side og "gløymer den 2 delte målsetjinga. Han krevde at forvaltninga nå måtte forhalda seg til politiske vedtak. Han nemnde i bildeform at det "distriktpolitiske genet" vart meire og meire sjeldan ved at slakting av dyr blir unaturleg for folk, dyr vert oppheva til kosedyr og hellige skapningar og at bjørn, jerv, gaupe og ulv vert rekna som viktigare enn t.d. stær, røyskatt og laks.

Odnes meinte at rovviltnemnda i Oppland hadde tenkt på den 2 delte målsetjinga, hadde følgd FM sine råd om jervekvoter og utfrå dårleg ver mista forvaltningsretten over jerv. Han stillte spørsmål om ikkje andre rovviltsnemnder som hadde bygd opp alt for store jervestammer òg skulle ha mista forvaltningsretten, men fekk til svar at dette ikkje stod i nokon forskrift i DN. Odnes kunne fortelja at han ville halda fram i nemnda og rykta går nå på at han vert den nye leiaren i rovviltnemnda i Oppland.

Austmo viste ein powerpoint om det nye rovviltforliket, sjå teksta i innlegget mitt over. Han var ryddig og svarte klart på alle spørsmåla som vedkom ha. Han lova å ta med seg tilbake kritikken om leiinga av SNO i Oppland, han lova at svarfristen frå DN på ymse brev nå skulle takast opp i samråd med teksta i rovviltforliket, han sa at kongeørnregistreringa var ferdig nord for Trondheim, det  vert større sjanse for å ha mindre bjørn i Oppland etter det nye forliket, han lova at dialogen skulle bli betre i framtida og han sa at det ikkje var ei lov om kor mange kadaver det måtte vera for å få skadefellingsløyver.

Det kom mange spørsmål frå salen om DNA, mange frustrerte sauebønder vitna om tragiske og slitsomme hendingar i eige flokk, om hensynet til matmangelen i verda, om at alle bjørner representerte eit skadepotensial, om kravet til antall dokumenterte kadaver i forhold til skadefellingsløyver.