Kvar skal dette enda??

Vi har hatt kontakt med alle tenkjelege etatar og personar, og sjølvsagt nok ein gong funne ut at ingen kan hjelpa oss. Vi har fokusert på beiteprioriterte områder i forhold til ulv og nå sist bjørn. Vi sett nå vår lit til at LMD må hjelpa oss.

Vedrørande kongeørna i Nordre Land kan dere lesa om dette i artikkelen under, Beitebrukarar der var i harnisk over fyrst å få nei på fellingsløyve etter at dei hadde funne fleire dokumenterte kadaver etter ørna der enn det vart funne i heile Oppland i 2012. Da dei fyrst fekk løyvet viser det seg at fellingsrestriksjonane er såpass strenge at ørna mest sansynleg går fri innan fristen.

Mange (rekordmange) beitebrukarar har ringt nå, og desverre kan vi ikkje hjelpa meire enn det vi har gjort/gjer. På stutt sikt må vi kryssa fingrane på at skadevoldarane vert teke ut på fellingsløyva som er gjeve både på ørn, bjørn og ulv. På lang sikt må nok ein gong rovviltforliket gjennomgås. Norske beitebrukarar kan ikkje lenger akseptera bestandsmåla av ulike rovviltartar slik det har utvikla seg. Sverige held oss med nye forsyningar av både ulv, bjørn og jerv, og dette må karakteriserast som nok til at desse artane overlever greit utan eigne bestandsmål i Norge.

Meldinga frå Mattilsynet kan vi ikkje ta på alvor som eit vedtak. Det vart formulert litt klønete:

“Rovdyrsituasjonen i Gudbrandsdalen er alarmerende. Mattilsynet påpeker plikt til utvidet daglig tilsyn av dyr på utmarksbeite.”

I følge Mattilsynet skal dette vera ei påminning og eit varsel til oss, men ikkje eit vedtak.

Oppland Sau og Geit sendte ut ei pressemelding etterpå:

"Beitenæringa v/Oppland Sau og Geit ser dette som svært alvorleg og oppfordrar medlemmene sine til å følgja ekstra godt med på dyra sine. Men vi stiller oss forundra over at ulvesituasjonen skal forårsaka slike vedtak i Oppland, da bestandsmålet av ulv er nådd på landsbasis og at heile Oppland er milvis frå ulvesona. Vi kjem til å forfølgja saka og sjå kven som ikkje gjer arbeidet sitt med ulveforvaltninga, og kven som er ansvarleg for ekstraarbeidet som beitenæringa må tola. Vi minnar på sterkaste om at heile Oppland er i beiteprioritert område i forhold til ulv."