Salgskampanje lammekjøtt
Oppland Bonde og Småbrukarlag har invitert Oppland Sau og Geit til å vera med å grilla lam utanfor butikkar laurdag 8. april. Dette er eit av tiltaka som har vorte diskutert i forhold til overskotet på lam, og det passar særs godt i forhold til debatt og vedtak på årsmøte i Oppland Sau og Geit førre helg.
Nortura Rudshøgda vil sponse med 10 lam, som er oppdelt og klare til og leggast på grillen. Representantar for OBS og OSG vil stå utanfor utvalde Kiwi-butikkar og grille og gje smaksprøver til kundane. Inne i butikkane er det sørga for at det finns godt utvalg av rettane, slik at kundane som likar dette kan gå rett inn og kjøpa det smakfulle og saftige lammekjøttet.
Det skal skje på stadane i tabellen under, så her er det berre å setja i gang salget! Vi oppfordrer alle som les denne artikkelen om å dela den med venner og kjendte og planleggja lignande tiltak i lokalområdet sitt. Ansvarlige for opplegget er Terje Holen frå Oppland Bonde og Småbrukarlag og Arnfinn Beito frå Oppland Sau og Geit.
Så hugs laurdag 8. april:
Lillehammer | Kiwi Røyslimoen |
Gausdal | Kiwi Segalstad Bru |
Øyer | Kiwii Hafjell |
Ringebu | Kiwi Ringebu |
Vinstra | Kiwi Vinstra |
Otta | Kiwi Otta |
Dombås | Kiwi Dombås |
Dokka | Kiwi Dokka |
Aurdal | Kiwi Aurdal |
Beitostølen | Kiwi Beitostølen |