Etter mykje papirarbeid kunne endeleg 30 søylam og 5 kåra verlam starta turen til Estland midt på dagen 7/10 og kl. 11.30 i dag 8/10 fekk Anne Kari telefon frå Estland om at alle var framme i fjøset dei skulle bu etter lang bilkjøring inkludert ferjetur.

Mykje papirarbeid og pionèrarbeid på området vil iallefall gjera det lettare for nestemann som vil eksportera sau. På bilete ser vi Anne Kari med mannen Ragnar Thor Mariasson bak. Til høgre ser vi veterinær ved Veterinærvakta Fron, Are Krohg. Are har stått på med god hjelp og støtte i prosessen.

Utan den gode helsa til den norske sauen og den gode dokumentasjonen på den gode helsa på sau i avlsbesetningar i Norge og lokalt på denne garden hadde ikkje denne eksporten kunne verta gjennomført.

Kjøparane av sauen var på besøk 27/9 og vart så imponert over dyra at dei gjerne ville kjøpa fleire, men det kunne ikkje Anne Kari skaffa dette året.

 

Anne Kari fekk òg svært god hjelp frå lokalt Mattilsyn, der Randi Garmo og ikkje minst Hege Vaagaasar, som her skaffar Anne Kari siste helsedokumentasjonen, viste stor ståpåvilje.

Knut Storvik frå GD kom og dokumenterte saka frå lokal presse.

Frå venstre: Randi Garmo, Hege Vaagaasar, Knut Storvik og Anne Kari Veikleenget.

 

 

 

30 flotte søylam er behandla og testa etter alle kunstens reglar før den lange reisa til Estland. Lite veit dei sjølve kva dei skal ut på, men Anne Kari har presisert og er trygg på at kjøpar vil stella og fôra dei rett og godt.

Turen er planlagt med stopp og fôring i tillegg til minst mogleg tid ved at 2 sjåførar kan byta på for å hindra unødvendige stopp grunna kjøretidsreglar

 

 

 

 

Lokal transport til nøytral grunn, og så var det berre å ønskja lamma lykke på turen til Estland!!

Oppland Sau og Geit takkar dei involverte for det positive bidraget og det gode omdømmet sauen vår fekk i denne prosessen.