Seminar og årsmøtehelg i Oppland
Kommentarane frå gjestane, seminardeltakarane og årsmøteutsendingane var overveldande positive etter helga på Quality Hotel Strand på Gjøvik. Godt frammøte, gode foredragshaldarar og rolege årsmøter kombinert med god mat og sosialt samvær prega helga.
Pål Kjorstad vart attvald som leiar i OSG, og fekk med både Håkon Gjelstad (nestleiar) og Anna Ulmo vidare i styret. Årsmøtereferat og leiars tale. (Merknad: Bileta i artikkelen er sletta etter ønske frå Tobias Stubrud)
Foredrag, erfaringar frå Radiobjølleprosjektet v/Sidsel Røhnebæk, FMOP og Pål Kjorstad, OSG.
Foredrag, god dyrevelferd på utmarksbeite v/Øyvind Tronstad, Mattilsynet
Foredrag, verdien av utmarksbeite i Oppland, v/Yngve Rekdal, Skog og Landskap
Foredrag, Landbruk- og Matmeldinga, v/Frøydis Vold, Landbruk og Matdepartementet
Foredrag, sjølberande beiteproduksjonar v/Anna Gudrun Thorhallsdottir, Bioforsk øst, Løken
Foredrag, organisering av beitelag v/Marthe Lang-Ree, tidlegera prosjektsleiar.
Foredrag, Nasjonalt beitebruksprosjekt og Beitebruksprosjektet i Oppland v/Marie Skavenes, prosjektsleiar
Bjørn Magnus Tordhol, Oppland Bondelag og Ivar Odnes, Rovviltnemnda helste årsmøtet og takka for samarbeidet.
Terje Holen frå Oppland Bonde- og Småbrukarlag, helste årsmøte med bl.a. å takka for maten under festmiddagen laurdagskvelden.
Som vanleg var det skinnsømkurs. Denne gongen måtte Signe Kjorstad trø til som instruktør. Det var 11 ivrige deltakarar, som denne gongen laga småting av skinn.
Ein stolt og rørt Helge Bjerkehagen fekk Oppland Sau og Geit sitt diplom for det store arbeidet han hadde lagt ned for beitelag, lokallag og som rovviltkontakt .
Den mest prestisjefyllte "turneringa", utdelinga av avlstatuetten for beste ver i Oppland gjekk til Kristine Solberg og Trond Østby for veren 201022423 Grom Øverby, og premie for beste spælver gjekk til Bodil og Geir Amrud for veren 201022033 Champ.
Frå venstre Tobias Stubrud, Kristine Solberg, Trond Østby, Bodil Amrud og Geir Amrud.