Arnfinn Beito frå Øystre Slidre og Sverre Blankenborg frå Vågå vart hylla med velfortent diplom laurdagsvelden i seminarhelga.

Her er grunngjevingane:  

Den fyrste som får Oppland Sau og Geit sitt diplom i kveld har vore i lokallagsstyret i 5 år. Han har vore leiar for laget og regionleiar i Valdres dei siste 3 åra. Han er også leiar i lokalt sankelag, og har vore det sidan 2005. Han har lagt ned eit stort arbeid i forbindelse med den nye rovviltsituasjonen i beiteområdet, og jobba godt opp i mot kommunen, fylke, politikarar og presse for å få jerven fjerna frå dei beiteprioriterte områda. Dette arbeidet har pågått intensivt dei to siste åra. Som regionleiar har han òg vore til hjelp og støtte for andre rovviltutsette delar av Valdres. I 2012 arrangerte dei nordlege laga i Valdres ein felles sauedag på Beitostølen der det var "fåredrag," kåring og gjetarhundoppvisning. Over 100 frammøtte og her var òg kandidaten ansvarlig for arrangementet. Han har i dei seinare åra òg vore aktiv i gjetarhundmiljøet i Valdres der det vart arrangert ei distriktsprøve og ei norgesserieprøve i 2012. Ellers har han alltid vore aktiv i sauemiljøet og ein som har bore lasset i mange år.

Frå fylkeslaget si side, så kjenner vi han som ein aktiv møtedeltakar både på regionmøter og årsmøter. Det var naturlig at han vart regionleder i Valdres etter at vi hadde eige møte med lokallaga der for å sjå på lagsstrukturen. I tillegg er han ein god og viktig kjelde for meg som fylkesleiar. Han rapporterer jevnt, gjev meg opplysningar, spør etter opplysningar og krev handlingar. Han er som regel frustrert over at ting ikkje skjer, og derfor vart eg ekstra glad ein kveld nå da han ringde og fortalte om tispeuttaket i Langsua. ”Oss fe håpe at det nå e 264 som e død”. Øystre Slidre og styret i Oppland Sau og Geit synest at han fortener dette diplomet. Gratulere åt Arnfinn Beito!!

Oppland Sau & Geit har mange medlemmar i sine rekkjer som gjer ein formidabel innsats for fellesskapet i det daglege. Dette er personar som ofte blir gløymt når heider og ære og vakre ord skal delast ut. Den andre som får fylkeslagets diplom i kveld har tross sin unge alder vore ein krumtapp i lokallag og værring i mange år. Han er ein habil sauklyppar som klypper både små og stor sauflokkar, og enkeltdyr om det trengst.
Er det knapt med hjelp til fostertelling, er det ofte han som blir spurt! Som mangeårig styremedlem i lokallaget sørgjer han ofte for dei små detaljer som er så viktige: Ved kåring stiller han med ferdig utstillingsplass og fjos til disposisjon, og med bålpanne og kaffekjele. Nesten før nokon rekk og tilby hjelp er plassen rydda og fjoset vaska. Som beitelagleiar føler han like stort ansvar for andre sine dyr som for sine eigne.  Ein stor del av ferien sin frå avløysarjobben tek han ut i sauparinga for å køyra ringverar.
Han sett all si ære i å tilfredstille kresne ringmedlemmar og kjører milevis både seint og tidleg for å skaffe dei rette eliteverane.

Frå fylkeslagets side kjenner vi kandidaten og har lagt merke til han som en viktig og ikkje minst positiv bidragsytar på lokalplan til at aktiviteter i fylkeslagets regi vert realisert, som t.d. eit tå di beste og største kåringssjåa i fylke. Vi likar òg å gje honnør åt ein såpass ung medlem, som i dagens samfunn prioritere såpass my tid på dugnadsarbeid. Til slutt håper vi at diplomet vil gjera at han skjønar at oss sett pris på arbeidet han gjer og at dette vil spore til innsats i fleire år framover. Vågå sau og geit er stortilfredse med at Oppland S&G i år vel å dele ut Oppland Sau og Geit sitt diplom til Sverre Blankenborg, og Oppland Sau og Geit synest at han er ein verdig kandidat og gratulere om Sverre med utmerkinga!!

Seinare på kvelden vart det feira.....