Seminverar frå Oppland
For avlsbesetningar er drømmen og lykkast med arbeidet sitt. Etter ei planlagt paring med god kombinasjon av søye og ver kan resultatet bli bra. Det kan bli ein elitever, det kan bli den beste veren i Oppland eller den kan bli teke ut til seminver på Staur. Alt dette vil føra til at oppdrettar/ane vil kjenna at dei har gjort noko rett og ikkje minst gjort noko for fellesskapet.
Som nemnt i artikkel før, så fekk Oppland i år inn 3 verar til semin:
NKS |
201320407 |
FJELLFANT |
41 |
Værringen i Oppland |
54 |
NKS |
201320624 |
FJELLMO |
41 |
Værringen i Oppland |
56 |
NKS |
201320742 |
SØRTOPPEN |
41 |
Værringen i Oppland |
46 |
Ein av desse er 201320624 Fjellmo med oppdrettare Elin og Pål Grev i Vågå. Hans Petter Vaberg sende meg i dag bileta av "heile familien", der han skriv "stolte oppdretter av seminværen Fjellmo".
Her Elin og Pål Grev med resultat av mange års godt avlsarbeid i Vågå.
Eit anna døme på godt avslarbeid er 201320407 Fjellfant m/Ole Arne Øyhus frå avdeling 54 i Bagn som oppdrettar. Ole Arne sjølv mønstrar veren og sonen Bjørn Andrè hjelper til.