Her møtte NSG med 5 representantar, FKT prosjektet, Mattilsynet, rovviltnemnda i regionen, SNO, Dyrøy beitelag, Rissa Beitelag, Dyrøy kommune v/landbrukskontoret, Troms Sau og Geit, Troms Bondelag, Troms Bonde- og Småbrukarlag og ikkje minst Sametinget. I samband med turen var det både seminar, utflukt og konstruktive drøftingar om kva vi skal gjera. Til orientering så kan ein lesa seg opp på kongeørn i MD sin rapport om kongeørnforvaltning i Norge.

Prosjektet frå Rissa vart lagt fram av Eivind Myklebust, som utgangspunkt for seminaret. I tillegg hadde Per Fossheim i FKT-prosjektet eit utfyllande foredrag meire på generellt basis rund utfordringa kongeørn/beitebruk og om kvar denne saka står i dag forvaltningsmessig og politisk. Dette viser kva som er i ferd med å skje. Stutt fortalt så går det ikkje lenger an å sleppa sau og lam i beiteområdet på Rissa utan å mista alt for mange lam (merknad: både søyer, reinskalvar og simler vert også drepe) og i tillegg får ein ikkje erstatta det rettmessige tapet grunna mangel på dokumentasjon. Utan prosjekt og ekstraordinære tiltak vert berre 1% av lam teke av kongeørn dokumentert i Norge. Prosjektet førte til at dei fann mange fleire lam enn før, dei dokumenterte fleire lam som teke av kongeørn, men likevel ser det ut som at altfor mange lam fell i den usikre kategorien og ikkje vert erstatta. Lam vert ete opp fort og da dødsvarselen går kl. 1 om natta og tilsynet finn lammet kl. 9 same morgon oppete veit ein kva utfordringane beitenæringa har her. I tillegg er lungepunktering svært vanskeleg å dokumentera, da dette beviset også fort vert borte. Følgjeskader som at lam kjem bort frå mora og døyr, at dei vert jaga utfor fjellskrenter og eit auka antall søyer med jurbetennelse fell også inn i den usikre kategorien. Prosjektet har i tillegg ein svært uheldig svakheit i ein av konklusjonane, da fleire av dei "usikre" kadavera vart funne med innslag av koksidiar i tarmen. Dette vart konkludert med å vera ein del av årsaken til tapa på tross av 1. Alle lamma i beitelaget vart behandla mot dette etter bistand og råd frå veterinær og 2. Fagleg sett har sau og lam innslag av koksidiar i tarmen, men mengda vart ikkje kalibret opp mot det "normale" eller opp mot levande dyr i området. Det vart heller ikkje teke omsyn til at desse lamme faktisk ikkje hadde dei karakteristiske ytre teikna på koksidiose. På den andre sida vart mange av dei døde lamma funne utan mjølk i tarmen, som er eit klart bevis på uro i flokken og at lamma hadde kome bort frå mora. I tillegg veit ein frå Rissa at det er minst like mange havørn som kongeørn i ørnepopulasjonen der. Havørna er pr. i dag sett på som åtselsetar medan kongeørna er mordaren. Men så må ein finna ut av dette også, for i Troms har dei dokumentert at havørn drep lam og på Rissa har dei mange lam som er skremt utfor bergskrentar o.l. og meiner at havørn kan ha gjort det. Som ei ekstra utfordring så vert sau og lam erstatta dersom dei er drepe av kongeørn, men ikkje av havørn seies det. Men på seminaret kunne lokale saueeigarar i Troms fortelja at dei hadde fått erstatta lam drepe av havørn. Andre utfordringar med kongeørn er: Revira er fyllt i mykje av landet, flokkar av ungfuglar hopar seg opp enkelte stadar, det er utypisk jaktadferd på enkeltindivid - rype/smågnagere er vanleg byttedyr men i enkelte revir er det sett spesialisering på rev og sikkert da også på beitedyr, kongeørna er ein arealkrevande art og til slutt i følgje dagens forskrift er kongeørner for like til at ein kan plukke skadevoldar i ei skadefelling. I Dyrøy kunne ein t.d. sjå korleis kongeørna utnytta beitenæringa ved å vera tett på reinen i kalvingstida, og dagen etter beiteslepp av sau kom den der. Reinen kalva i kve i området, og vi fekk høyra dei store negative konsekvensane av dette, ikkje stor nok plass, vanskeleg å fôre, svært uheldig for dyr langt nedpå rangstigen, opptrakka, mistar nokre veker med rikt beite, mindre slaktevekter.

Elles kan også rapportane frå prosjektet frå Dyrøy i Troms og NINA´s rapport om kongeørna på Dyrøya vera vert å lesa.

Prosjektet på Rissa i 2015 førte til at dei søkte om fellingsløyve på ørn grunna dei store skadane. Dei fekk løyve, men dette var individbasert - den eksakte skadevoldar var målet. Jakta føregjekk i 17-18 dagar utan resultat.  Det kom klage på forlenga fellingsløyvet, FM stod for vedtaket om felling, men Miljødirektoratet stoppa det, da "det var vanskeleg å fella det rette individet..."

NSG og faglaga sentralt sende inn dette brevet i etterkant av vedtaket frå Miljødirektoratet.

10/02 2016 sendte Klima og Miljødepartementet eit brev til Kontaktutvalget for rovviltforvaltning (KU), der bl.a. NSG er representert, og bad om ei uttale eller eit råd om kongeørnforvaltning. KU hadde møte 07. - 08/03 2016, og frå dette møtet har Erica Fjæran i NSG skrive dette referatet.

Pr. dags dato er det ikkje levert noko felles råd frå KU da KU var delt i synet på dette. Men "næringsdelen" i rådet har utarbeida eit alternativ og i tillegg er det utarbeida 2 andre alternativ, eit frå vernesida og eit frå Jeger&Fisk og USS. Desse 3 alternativa kan enda ikkje publiserast og KU skal ha nytt møte 29. og 30/08 2016.

Turen til Troms skulle hovedsakeleg ta sikte på den aukande konflikta mellom kongeørn og beitenæring (både sau og rein). Den 10/06 tok saka teke ei ny vending der det på Stortingetet vart teke ei avgjer om vidareføring av ørneprosjektet både på Rissa og i Troms. Det kan sjå ut til at politikarane har innsett at vi står overfor eit aukande problem med kongeørnangrep, med særleg belastning for enkeltområder og –besetningar. Dette har i sin tur resultert i at Stortinget har bedt regjeringa sende på høring forslag til endringar av vilkåra om skadefelling som målretta kan bidra til færre tap av beitedyr i områder med særskilt skadeomfang. Dette og meir står beskrevet på regjeringens heimeside.

Dette vart såleis mykje av emnet Utmarksrådet tok opp i siste delen av seminaret i Troms. Vi meinte at beitenæringa burde ha ei hand på rattet, og vedtok i samband med det og allereie nå sende eit varsel om dette i brev til Klima og Miljødepartementet. Vi håper med dette og bli involvert i "prosjektet" rundt endringar av forskrifta ved å kunne tilføra kunnskapen og erfaringane vi har på dette området.