Uttalelse fra rovviltnemnda i region 3
4. april 2014

 Det visast til møtereferat frå møte i rovviltnemnda 13. mars sak 13/14 der nemnda vedtok ein uttale som vedrørande prioritering av eksraordinært uttak av jerv i Oppland/region 3 i vår (uttak av restkvote jfr. Pkt 2.2.4/2.2.5 i Rovviltforliket). Vi viser og til brev av 28. januar 2014 frå rovviltnemnda til Miljødirektoratet. Vi syner og til at embetsleiinga v/Fylkesmannen i Oppland har hatt eit møte med Ellen Hambro i Miljødirektoratet vedr. uttak av restkvoter.

I følgje registreringane som Statens naturoppsyn har stått for (jmf. rapport i artikkelen under) er det registrert «jevn aktivitet av jerv» i Ringebu. Nemnda ber  direktoratet å prioritere uttak av jerv i Ringebu som er beitedyrprioritert område inntil Øyer kommune som også er det. Vi er og særs uroa over registreringar som kan peke i retning av ei ny tispeetablering i Langsua, og vil gå inn for ekstraordinært uttak her dersom aktivitet av jerv held fram i dette området. Dette området har hatt altfor høge tap dei siste 3 åra mht. at det er eit beitedyrprioritert område.

Oppland/region 3 hadde eit rekordhøgt tap i 2013, der jerv var den klårt største skadegjerar. Av ei kvote på 8 er det berre tatt ut 3 dyr. Flest mogleg av dei resterande 5 dyr må derfor bli take ut for å redusere skadane og eit høgt konfliktnivå. Dei beitedyrprioriterte områda Ringebu, Øyer og Langsua (grenseområda mellom Øystre Slidre/Gausdal). Med bakgrunn i at ein hadde 5 ynglingar i 2013, bør dette etter nemndas syn liggje til rette for hiuttak innafor jervesona. Her bør lokaliteten i Jønndalen/Vågå  prioriterast, saman med lokalitet NOP 007 Musvolddalen der jerv truleg nyttar område utafor jervesona i Frydalen som leveområde.

Oppland / region 3 har nærare 240 000 sau på utmarksbeite. Dette stiller høge krav i rovviltforvaltninga der ein må liggje så tett på bestandsmålet som mogleg. Sjølv om det i andre regionar ikkje har nådd deira bestandsmål kan dette ikkje bety at region 3 med så høgt tal på beitedyr skal vere buffer for det nasjonale bestandsmålet for jerv. Vi ber om å få bli orientert løpande om status på registeringane og framdrift mht til uttak av jerv.

For rovviltnemnda

Ivar Odnes,
leiar av nemnda