Vi har pr. nå 186 deltakarar som vil vera innom arrangementet i helga. Mykje fram og tilbake i det siste, men det er naturleg at det kjem noko i vegen for nokon. Lista finn du her.

I tillegg har hotellet begrensa plass til folk i enkeltrom, så mange har vorte flytta til dobbelrom. Dersom nokon vil høyra korleis dette er så ta kontakt for å få svar. Romfordelingen vil vi ikkje leggja ut på nettet.

Programmet har og vorte endra litt, men det meste av tida har vore brukt til å finna innleiarar i debatten om marknadssituasjonen for sau og lammekjøtt. Her var det spesielt vanskeleg å finna representantar for matkjedene, men vi har i alle fall på plass ein. Endeleg program finn dere her.

For årsmøteutsendingane til Oppland Sau og Geit sitt årsmøte så har desse fått sakdokumenter pr. mail, men sidan nokre kanskje ikkje har fått det så legg vi dei ut under denne linken.

Nokre fleire infoer:

Budsjett Ring 41 2017.

Valgnemdas innstilling 2017 til fylkeslaget, Ring 41 og Radiobjøllelaget

Valgnemdas innstilling 2017 for Oppland Gjeterhundlag

Da håper vi at dere alle stiller friske og raske til ei tyleg og fagleg god helg for organisasjonen vår.