Velkommen til Nordfjord Gjetarhundlag
Aktuelt
-
Fellestrening
Dei som vil er velkomne til og kome å trene på Alme 27 august frå 13:00-16:00.
Er været bra veka so kjem kan vi sette opp bane om det er ønskeleg .
-
Landsprøve i Erdalen 17-18 september
I år har Sogn og Fjordane fått tildelt landsprøve,denne skal Nordfjord Gjetarhundlag arrangere.
Prøva blir i Erdalen i Oppstryn. Dette er ca 30 min frå Stryn sentrum. Det blir godt skilta så det bli enkelt og finne fram.
Prøva er full og vi gledar oss til og ta imot alle dei dyktige ekvipasjane her 17-18 september.
Dommar er Torstein Ytre.
Det blir salg av mat og drikke på området.
Håpar mange vil kome og sjå på topp gjetarhundar i arbeid.
Vel møtt
-
Kurs med Egil Syversbråten 22-23 oktober
Nordfjord gjerarhundlag held kurs med Egil på Sindre 22-23 oktober.
Kurset er åpe for alle nivå. Egil ha lang erfaring med trening og bruk av gjetarhund.
-
Kurs med Aled Owen 10-12 juni
Vi var så heldige og få Aled Owen hit å holde kurs i tre dagar.
Aled har vunne ei rekke store titlar med hundane sine og har også reist verda rundt og halde kurs.
Kurset vart halde på Breim på Norsk Fjordhestgard.
-
Kurs med Anne Kari og Mette
Helga 20-21 hadde vi kurs med Anne Kari Veikleenget og Mette Berg i Innvik hos Ingunn og Oddbjørn Reme.
Vi er svært nøgd med deltakinga på kurset, det var 15 stykk som deltok fordelt på to grupper.
-
Magnus Grimeland og Sanki reserve til årets landslag.
Det var svært kjekt og lese at Magnus og Sanki er reserve til landslaget!
Magnus har hevda seg i mange Norgesserie prøver i 2015 og no fekk han lønn for det med og bli reserve til landslaget.
Han har sist sesong hevda seg godt med 3 ulike hundar men det var Sanki som fekk plassen ilag med matfar denne gangen.