Kurs med Egil Syversbråten i Olden
Tina Henningsen har sendt inn eit fint referat frå kurset som dei hadde med Egil i Olden. Fint om fleire gjer som ho og sender inn bilder og tekstar om kva som skjer rundt om i Nordfjord.
Kurs i Olden med Egil Syversbråten anno 2015
Den 28.februar og 1.mars vart det avhelde helgakurs i bruk av gjetarhund i Olden på Skogli.
Kurset var for hundar og førarar på ulikt nivå.
Kurset var informativt og nyttig for alle deltakarar, og alle fekk ein ny gjev og inspirasjon til vidare trening av sine gjetarhundar, til bruk i arbeidet med sau.
Kurset besto av 3 økter pr. snute laurdag, med pause og god betasuppe til lunsj.
Søndag hadde vi 4 økter kvar, med grilling midt på dagen.
Vi var totalt 7 deltakarar på laurdag og 8 deltakarar på søndagen.
Vi takker Egil for ein flott og lærerik helg! J
Også stor takk til Berit og Andreas Skogli for lånet av sau og god treningsarena, og til Linda og Roar Alsaker for lånet av meir sau! J
Vel blåst, håper å få til fleire slike kurs i tida som kjem.
Mvh Tina Henningsen
Kurset var i regi av Oldedalen Sau og Geit .