Christian Rekkedal, direktør hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane si landbruksavdeling, opna Geitedagane 2014. Deretter heldt Hanne Refsholt, konsernsjef i Tine SA, eit innlegg om marknadssituasjonen for geitemjølksprodukt. Det har vore vanskeleg å få nytta all geitemjølka siste åra, og det må truleg ei haldningsendring til blant forbrukarane for at ein skal få opp omsetnaden av geitemjølksprodukt. Tilhøyrarane kom med fleire gode innspel som konsernsjefen tok med seg attende til Tine SA. Dagen vart avslutta med prøvesmaking av ulike geitostar frå Tine og kjekjøt frå Kandal Kjøtt DA.

Laurdag før lunsj var det avlsarbeid, fôring av mjølkegeiter, og informasjon om ny programvare for Geitekontrollen, som sto på timeplanen. Etter lunsj kunne deltakarane velja mellom tre ulike ekskursjonar. Om lag 60 deltakarar tok turen til Kandal Kjøtt DA og eit gardsbesøk hjå Jørn Arne Vanberg i Kandalen. Nesten like mange besøkte garden til Hilde og Ragnvald Søgnesand, der ein i tillegg til fjøsbesøk, fekk høve til å handla i gardsbakeriet på Søgnesand. Ei lita gruppe på 12 personar tok turen opp Lundeskaret inst i Kjøsnesfjorden. Om kvelden vart deltakarane samla til underhaldning og festmiddag. Under middagen vart sentrale personar i prosjektet ”Friskare Geiter” heidra for den gode innsatsen med å sanera vekk dei smittsame sjukdommane CAE, byllesykje og paratuberkulose hjå norske mjølkegeiter. Deretter vart det dans og sosialt samkvem ut i dei små timar.

Sundag føremiddag fekk deltakarane ei oppfrisking i førebyggjande helsearbeid med tanke på mastitt og reduksjon av celletalet i geitemjølka. Deretter fortalde Sigmund Fossberg, salssjef i Nortura SA, korleis Nortura jobbar for å selja kjekjøt i utvalde butikkar i og rundt Oslo. Salet er aukande, og med auka slaktetilskot for kjekjøt, kan oppdrett av kje til slakt vera noko som blir meir aktuelt for geitebøndene i åra framover. Mot slutten fekk Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster kommune presentera og marknadsføra Jølster kommune, før Dag Lindheim oppsummerte prosjektet ”Friskare Geiter”. Deretter var ”stafettpinnen” overlevert til region Nord, som skal arrangera Geitedagane 2015, og Sogn og Fjordane Sau og Geit informerte om at det blir arrangert Geitehelg på Skei i Jølster den 22. til 23. november 2014. Arrangementet vart avslutta med felles lunsj. Ref.Jo Risløv