Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Siste publiserte artikler

Møt ekte sauebønder i utvikling

04.02.2015 | Skrevet av Svanhild Aksnes

Den 2. og 3. mars arrangerer NyGiv erfaringsmøter i Knarvik og på Stord. Du får møte ekte sauebønder i utvikling som fortel om sine erfaringar.

NyGiv har fire utvalde buskaper som har jobba med aktuelle faglege utfordringar. Felles for alle buskapane er eit ope ynskje om å forbetre drifta og at dei har sagt seg villig til å dele sine erfaringar i dette arbeidet gjennom NyGiv.

Den 2. og 3. mars inviterer vi i samarbeid med lokallaga til fagmøte der du får høyre om erfaringane i desse fire buskapene.

  • Innlegg ved Bodhild Fjelltveit: Bodhild og Arne Fjelltveit og mannen driv i Hausdalen i Fana og har jobba spesielt med to endringar i drifta dei siste åra. Dei har fått sponsa ein elitevær gjennom værering 154 og dei byggjer nytt sauefjøs.
  • Innlegg ved John Karsten Raunholm: John Karsten Raunholm på Fitjar har jobba med å redusere lammetap i buskapen sin. Han har fått hjelp med denne utfordringa frå Hilde Håland i Fatland i samarbeid med veterinær.
  • Innlegg ved Audun Seilen: Håvard Øvsthus og familien på Varaldsøy har starta med gjetarhund. Gjetarhundnemnda har følgd opp familien gjennom oppstarten. Då Håvard ikkje har høve til å vere med på desse møta vil Audun Seilen fortelje om korleis dette har gått. Audun er leiar i gjetarhundnemnda i Hordaland.
  • Innlegg ved Jan Tommy Midgård: Jan Tommy Midtgård i Lindås har flytta buskapen sin til nytt fjellbeiteområde frå Nordhordland og til Hardangervidda. Han vil fortelje om sin erfaring med dette.

Vel møtt:

2. mars på Stord ungdomsskule kl 19.00

3. mars i Knarvik kl 19.00

Ja, du får sjølvsagt kaffe og noko å bite i!

 


Foto: Nyfødde lam hjå John Karsten Raunholm, foto Raunholm.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com